Rick Wills

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rick Wills
Remove ads

Rick Wills (fødd 5. desember 1947) er ein britisk bassist. Han er mest kjend for arbeidet sitt med rockebandet Foreigner og for å ha spelt med Small Faces og Bad Company.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Wills spelte i ung alder rock i Cambridge frå kring 1961 i the Vikings, så ei rekkje lokale band: the Sundowners, Soul Committee, Bullet and Cochise før han vart med i Frampton's Camel.[1]

Wills vart med i bluesrockbandet Joker's Wild i 1966, og erstatta Tony Sainty, fram til dei vart oppløyst i 1968. Han spelte bass på dei første tre albuma til Peter Frampton før han forlet Frampton i 1975. Han vart så bassist i Roxy Music i 1976 og spelte på Viva! (1976), før han forlet dei og vart med The Small Faces i 1977 under gjenforeiningsperioden deira. Han forlet Small Faces og spelte på det første albumet til David Gilmour i 1978. Året etter vart Wills medlem av Foreigner .[2] og vart verande med dei i fjorten år.

Etter at han forlet Foreigner i 1992,[3] vart han med i Bad Company og vart verande hos dei til Boz Burrell kom attende til bandet i 1998.[2] I 2001 spelte han på The Steve Mariott Memorial Concert, som ein del av backingbandet i lag med Bobby Tench, Zak Starkey og Rabbit Bundrick.[4][5]

Wills vart gjenforeint med Small Faces-trommeslagar Kenney Jones i The Jones Gang i 2006 og spelte med The RD Crusaders for Teenage Cancer Trust i The London International Music Show i juni 2008.[6]

Remove ads

Diskografi

Med Peter Frampton
Med Roxy Music[2]
Med The Small Faces[2]
  • Playmates (1977)
  • 78 in the Shade Atlantic (1978)
Med David Gilmour[2]
Med Foreigner[2]
  • Head Games Atlantic (1979)
  • 4 Atlantic
  • Agent Provocateur Atlantic (1984)
  • Inside Information Atlantic (1987)
  • Unusual Heat Atlantic (1994)
Med Bad Company[2]
  • What You Hear Is What You Get: The Best of Bad Company Atco (1993)
  • Company of Strangers Elektra(1995)
  • Stories Told & Untold Elektra (1997)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads