Sonatar og partitaer for fiolin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sonatar og partitaer for fiolin
Remove ads

Sonatar og partitaer for fiolin (BWV 10011006) er ei samling av seks verk komponert av Johann Sebastian Bach. Dei består av tre sonatas da chiesa, i fire satsar og tre partitaer, i dansesatsar.

Thumb
Første sonate for fiolin: Adagio (signert 1720)

Settet vart gjort ferdig i 1720, men vart først publier i 1802 av Nicolaus Simrock i Bonn. Sjølv etter det kom ut vart det stort sett ignorert fram til fiolinisten Josef Joachim starta å framføre verka. I dag vert Bachs Sonatar og partitaer rekna som ein viktig del av fiolinrepertoaret og dei vert ofte framført og innspelt.

Sei Solo a fiolino senza Basstemme accompagnato, som Bach sjølv kalla dei, stadfester grundig dei tekniske eigenskapane til fiolinen som eit soloinstrument. Stykka vert ofte rekna som arketypen for solofiolinstykke for dei komande komponistgenerasjonane, som mellom andre Eugène Ysaÿe, Béla Bartók og Paul Hindemith.

Remove ads

Historie

Bach starta å komponere desse verka rundt 1703, då han var Weimar og settet var ferdig i 1720, då Bach var Kapellmeister i Köthen.[1] Han vart nesten heilt sikkert inspirert av Johann Paul von Westhoffs Partitaer for fiolin, for han arbeidde i lag med Westhoff i Weimar og den eldre komponisten har fleire stilmessige likskapar til Bach sine verk.

Det er ikkje kjend om desse verka vart framført medan Bach levde, eller kven som i så fall framført dei.

Remove ads

Struktur

Sonatane består kvar av fire satsar, i langsam-hurtig-langsam-hurtig-mønster som er typisk for sonata da chiesa. Dei første to satsane er preludium og fuge. Den tredje (langsame) satsen er lyrisk, medan den siste satsen deler liknande musikalsk struktur som dei to første satsane. I motsetnad til sonatane, er partitaene meir uortodoks oppbygd. Det vert framleis nytta dei vanlege barokke stilane allemande, courante, sarabande og gigue, og stundom i tillegg galanteriar, og nye element vart introdusert i kvar partita for å gje variasjon.

Chaconne (Ciaccona) i d-moll

Chaconneen, den siste satsen i Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004, er lengre enn dei fire første satsane totalt. Temaet, som vert presentert i dei fire første taktane i ein typisk chaconne-rytme med ein akkordprogresjon basert på det gjentakande bassnotemønsteret D D C D B G A D, vert framført i ei rekkje variasjonar vidare i satsen. Heile forma er tredel, og den midtre delen er i dur. Han representerer toppen solofiolinrepertoaret ved at han dekkjer ensten alle askept ved fiolinspeling kjend på Bach si tid. Det er framleis eit av dei teknisk og musikalsk krevjande stykka for instrumentet.

Sidan Bach si tid er det gjort fleire transkripsjonar av stykket for andre instrument, særleg for piano (av Ferruccio Busoni) og for venstrehanda på piano (av Brahms), samt for gitar, først av den argentinske gitaristen og komponisten Antonio Sinopoli. Minste tre av treanskripsjonane er publiserte for orgel. Eit arrangement for fullt orkester (1930) vart spelt inn av Leopold Stokowski.

Johannes Brahms, sa om stykket i eit brev til Clara Schumann:

« I ei strofe, for eit lite instrument, skriv mannen ei heil verd av dei djupaste tankar og dei mest mektige kjensler. Om eg skulle ha skapt, eller til og med kome på dette stykket, så er eg ganske sikker på at eg i overbegeistring ville ha drive meg sjølv frå forstanden. »
Remove ads

Satsar

Sonate No. 1 i g-moll, BWV 1001

  1. Adagio
  2. Fuge (Allegro)
  3. Siciliana
  4. Presto

Partita No. 1 i h-moll, BWV 1002

  1. Allemande - Dobbel
  2. Corrente - Dobbel (Presto)
  3. Sarabande - Dobbel
  4. Tempo di Borea - Dobbel

Sonate No. 2 i a-moll, BWV 1003

  1. Grave
  2. Fuga
  3. Andante
  4. Allegro

Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004

  1. Allemanda
  2. Corrente
  3. Sarabanda
  4. Giga
  5. Ciaccona

Sonate No. 3 i C-dur, BWV 1005

  1. Adagio
  2. Fuga
  3. Largo
  4. Allegro assai

Partita No. 3 i E-dur, BWV 1006

  1. Preludio
  2. Loure
  3. Gavotte en rondeau
  4. Menuet I
  5. Menuet II
  6. Bourrée
  7. Giga

Innspelingar på fiolin

Delar av verka vart først innspelt av Joseph Joachim i 1903 og det første komplette settet vart spelt inn av Yehudi Menuhin i midten av 1930-åra.

  • Yehudi Menuhin, 1934-1944
  • George Enescu, 1948
  • Jascha Heifetz, 1952
  • Joseph Szigeti, 1956
  • Arthur Grumiaux, 1961
  • Henryk Szeryng, 1954 og 1967
  • Nathan Milstein, 1956 og 1973
  • Sergiu Luca, 1977 (barokkfiolin- 1669 Nicolo Amati)
  • Jaap Schröder, (barokkfiolin)
  • Nell Gotkovsky, 1978-80
  • Sigiswald Kuijken, 1981 (barokkfiolin)
  • Jean-Jacques Kantorow, 1985
  • Mark Lubotsky, 1987 (1728 G. B. Guadagnini)
  • Itzhak Perlman, 1988
  • Yuval Yaron, 1989
  • Gidon Kremer, 1980 og 2005
  • Yossi Zivoni, 1990
  • Viktoria Mullova, 1992 (berre partitaer)
  • Lucy van Dael, 1996
  • Ida Haendel, 1996
  • Salvatore Accardo, 1996
  • Vanessa-Mae, 1996
  • Hilary Hahn, 1997 (berre 10041006)
  • Rachel Podger, 1997-1999 (barokkfiolin)
  • David Grimal, 2000
  • Ingrid Matthews, 2000 (barokkfiolin)
  • John Holloway, 2006 (barokkfiolin)
  • Dmitry Sitkovetsky
  • Oscar Shumsky
  • Elizabeth Wallfisch (barokkfiolin)
  • Monica Huggett (barokkfiolin)
  • Thomas Zehetmair
  • Shlomo Mintz
  • Lara St. John
  • Christian Tetzlaff
  • Julia Fischer, 2005 (1750 Guadagnini)
  • Wolfgang Schneiderhan, Jan. 12./15. 1955 (berre 1004)
  • Emil Telmanyi (med Vega/Bach-boge)
  • James Ehnes, 2000
  • Christoph Poppen, 2001
  • Kristof Barati, 2002
  • Richard Tognetti, 2005 (1759 Guadagnini)
  • Michael Vaiman, 2006
  • Ilya Kaler, 2006
  • Haroutune Bedelian, 2007 (første gong på DVD komplett)
  • Jacqueline Ross, 2007
  • Yūko Shiokawa, 2009
  • Viktoria Mullova, 2009
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads