Chaconne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chaconne
Remove ads

Chaconne (fransk, spansk chacona, frå baskisk chocuna, 'lystig') er ein spansk folkedans frå 1500-talet, nært i slekt med passacaglia. Det italienske omgrepet ciaccona vert ofte brukt, og andre skrivemåtar som ciacona, chiaccona, ciaconia og liknande finst òg.

Chaconne des Scaramouche frå Le Bourgeois Gentilhomme av Jean-Baptiste Lully
Thumb
Ciaccona frå Johann Sebastian Bach sitt Partita for fiolin nr. 2
Thumb
Chaconnedansarar. Koparstikk av H. Fletcher frå Kellom Tomlinson si The Art of Dancing, 1735. Victoria and Albert Museum i London i England.

Chaconnen var opphavleg ein hurtig dans som oppstod i spansk folkekultur på slutten av 1500-talet. Dansen vart utført med erotiske rørsler og sunge med spottande tekstar.[1] I følgje Curt Sachs er chaconnen av latinamerikansk opphav og og med ein sanseleg, vill og tøyleslaus karakter.

I kunstmusikken er chaconnen ei ostinat musikkform med variasjonar over eit gjentatt harmoniskjema på fire til åtte takter.

Chaconnen var stort sett berre i vanleg bruk i barokken, men vart delvis teken fram igjen på 1800-talet. ein av dei største romantiske symfoniske chaconnane er sluttsatsen i symfoni nr 4 i e-moll op. 98 av Brahms. Det vakre temaet er med små forandringar henta frå Bach-kantaten Nach dir, Herr, verlanget mich BWV 150. Temaet vert presentert av blåsarane og utvikla i over 30 variasjonar med temaet tilstades i bassinstrumenta nesten heile tida.

På 1800-talet og tidleg 1900-tal skilte ein del teoretikarar mellom passacaglia og chaconne ved å bruke chaconne om eit sett av variasjonar over eit harmoniskjema, men passacaglia vart definert som eit sett av variasjonar over ein bassmelodi.[2] Skiljet er tilfeldig fordi andre samtidige teoretikarar snur skiljet på hovudet,[3] og dessuten har ikkje skiljet vore klart i musikkhistoria.[4] Nokre gonger vert dei kombinerte i ein enkelt komposisjon , som i Cento partite sopra passacaglia av Girolamo Frescobaldi, og den første suiten i Les Nations (1726) og i Pièces de Violes (1728) av François Couperin.[5]

Remove ads

Døme på chaconnar

Ein av dei dei mest kjente chaconnane er sluttsatsen i Johann Sebastian Bachs Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004 frå Sonatar og partitaer for fiolin. Denne 265-taktars chaconnen tar utgangspunkt i ein melankolsk firetaktars melodi og vert utvikla gjennom ein fargerik musikalsk reise i både dur- og molltoneartar.

  • John Adams: andre sats Chaconne: Body Through Which the Dream Flows i Fiolinkonsert (1993)
  • Johann Sebastian Bach: «Chaconne» frå Partita for solofiolin nr. 2 i d-moll
  • Johannes Brahms: Symfoni nr. 4 i e-moll, op. 98, finale
  • Benjamin Britten: Chacony, tredje sats av strykekvartett i nr. 2, i C-dur (1946)
  • Dietrich Buxtehude: Orgelchaconne i e-moll (BuxWV 160)
  • Dietrich Buxtehude: Preludium, fuge og chaconne i C-dur (BuxWV 137)
  • John Corigliano: Chaconne for Violin and Orchestra
  • François Couperin: La Favorite, Chaconne a deux tems, Troisième ordre.
  • Auguste Durand: Chaconne, Opus 62
  • Philip Glass: Echorus for to fioliner og strykeorkester (1995)
  • Philip Glass: Symfoni nr. 3, tredje, langsomme sats (1995)
  • Georg Friedrich Händel: Chaconne frå suite i g-moll for klaver
  • Gustav Holst: Chaconne frå First Suite in Eb for Military Band (ifølge ein skribent teknisk sett ein passacaglia, men i følgje andre teknisk sett ein chaconne)[6]
  • Jean-Baptiste Lully: Chaconne frå Phaëton (1683)
  • Marin Marais: Chaconne i G-dur for to gamber og continuo, no. 47 frå Première Livre de pièces de violes (1686–89)
  • Marin Marais: Chaconne frå suite no. 1 i C-dur i Pièces en trio pour les flûtes, violon, et dessus de violes (1692)
  • Marin Marais: Chaconne frå Suitte d'un goût Etranger, frå Quatrième Livre dei Pièces à une et à trois violes (1717)
  • Claudio Monteverdi: Zefiro Torna frå Scherzi musicali cioè arie et madrigali (Venice, 1632) eit tidleg døme på vokalmusikk sunge til ein akkompagnerande chaconne.
  • Carl Nielsen: Chaconne, op. 32, for piano (1916–17)
  • Johann Pachelbel: Kanon i D
  • Henry Purcell: Chacony for strykarar og continuo i g-moll Z.730 (1680)
  • Jean-Philippe Rameau: L'hymen—Chaconne, scene VI frå Les fêtes d'Hébé (1739)
  • Tomaso Antonio Vitali: Chaconne i G-moll for solofiolin
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads