Songen Abacab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Abacab» er ein song av det britiske rockebandet Genesis, som kom ut 14. august 1981 som singel. Songen er skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, og vart gjeven ut på Genesis-albumet med same namn. Songen var den andre singelen frå albumet i USA og nådde 26. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1982. Han låg inne på Topp 40 i 6 veker. Han nådde 9. plassen i Storbritannia.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Tittelen er henta frå stukturen til ein tidlegare versjon av songen. Gitarist Mike Rutherford forklarte i eit intervju at dei kalla dei forskjellige delane av songen A, B og C og at på eit tidspunkt, når dei forskjellige delane var sett saman, så vart dette A-B-A-C-A-B. Rutherford sa vidare at songen ikkje lenger følgde dette formatet.

Songen vart mykje spelt på Abacab-turneen til bandet i 1981 og kom ut på Three Sides Live i 1982. Han vart òg spelt på konsertar utover i 1980-åra.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1981–82), Plassering ...

Medverkande

  • Phil Collins – solo- og korvokal, trommer, perkusjon
  • Tony Banks – klaverinstrument
  • Mike Rutherford – elektrisk gitar, basspedalar
  • EWF blåsarar (ikkje tilskriven) – lydar frå blåseinstrument

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads