Songen Black Tie White Noise

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Black Tie White Noise» er tittelsporet frå David Bowie-albumet frå 1993 med same namn. Med Al B. Sure! på gjestevokal vart songen gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juni 1993.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Songen var inspirert av eit opphald Bowie hadde i Los Angeles i april 1992, då byen opplevde raseopptøyar som reaksjon på Rodney King-hendinga.[1] Songen er symbolet på kjenslene på albumet overfor konformitet og store konsern, med Benetton og den sukkersøte velgjerdssingelen «We Are the World» blant måla. Bowie forklarte seinare at sporet var opptatt av det svarte samfunnet sin eigen identitet, og korleis det ikkje trong å bli absorbert i det kvite samfunnet.

Songen er av dei mest jazz- og soul-aktige songane på albumet, særleg trekt fram av vokalen til Al B. Sure!, sjølv om Lenny Kravitz visstnok var førstevalet til Bowie for duetten. Det er i røynda ein moderne R&B-låt og var med på å forsterke kjensla av Bowie som ein musikalsk kameleon.

Remove ads

Utjeving

Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde heller skuffande og nådde berre 36. plassen i Storbritannia[2] og 74. plassen i Australia.[3] Han gjekk ikkje inn på lista i USA i det heile, trass i ein del marknadsøring. Publikum var kanskje forvirra over den nye musikalske retninga til Bowie og var alt skeptisk etter nedlegginga av Tin Machine og ein tidlegare lovnad om at solokarrieren hans var over.

Remove ads

Mottaking

Alan Jones frå Music Week skreiv, «Dette merkeleg spinnande, men attraktive sporet er litt for sakte for dagens dansegolvsmak. Ikkje så umiddelbar som mange av Bowie sine større hits, og det vil trenge mykje for å skyve han inn i den øvste enden av singellistene. Ein moderat hit.»[4] James Hamilton frå magasinet RM Dance Update skildr songen som ein «dyster, langsam sak».[5] Leesa Daniels frå Smash Hits gav songen fem av fem og sa «Dette er tittelsporet frå det nye albumet hans og det er strålande. Funky og sjelfullt - og du kunne ha lytta til han igjen og igjen utan å bli lei. Genialt.»[6]

Musikkvideo

Det vart laga ein musikkvideo for songen produsert av Mark Romanek, med bilete av mange afroamerikanske ungdommar som leikar i det urbane Los Angeles og scenar med Bowie i ein blå dress med saksofonen sin og Al B. Sure! som syng. Videoen var eit forsøk påå fange biletet til Bowie bak songen.. Med fleire etniske grupper som eksisterer side ved side med sine eigne identitetar, og som ikkje prøver å absorbere kvarandre.

Remove ads

Innhald

7"-versjon

  1. «Black Tie White Noise» (Radio Edit) (Bowie) – 4:10
  2. «You've Been Around» (Dangers Remix) (Bowie, Gabrels) – 4:24

12"-versjonen

  1. «Black Tie White Noise» (Extended Remix) (Bowie) – 8:12
  2. «Black Tie White Noise» (Trance Mix) (Bowie) – 7:15
  3. «Black Tie White Noise» (album) (Bowie) – 4:52
  4. «Black Tie White Noise» (Club Mix) (Bowie) – 7:33
  5. «Black Tie White Noise» (Extended Urban Mix) (Bowie) – 5:32

CD-versjon

  1. «Black Tie White Noise» (Radio Edit) (Bowie) – 4:10
  2. «Black Tie White Noise» (Extended Remix) (Bowie) – 8:12
  3. «Black Tie White Noise» (Urban Mix) (Bowie) – 4:03
  4. «You've Been Around» (Dangers Remix) (Bowie, Gabrels) – 4:24

Amerikansk kommersiell CD (Savage 74785-50045-2)

  1. «Black Tie White Noise» (Waddell's Mix) – 4:12
  2. «Black Tie White Noise» (3rd Floor Mix) – 3:42
  3. «Black Tie White Noise» (Al B. Sure! Mix) – 4:03
  4. «Black Tie White Noise» (album) – 4:52
  5. «Black Tie White Noise» (Club Mix) – 7:33
  6. «Black Tie White Noise» (Digi Funky's Lush Mix) – 5:44
  7. «Black Tie White Noise» (Supa Pump Mix) – 6:36

Amerikansk promo DJ 12" (Savage SADJ-50045-1)

  1. «Black Tie White Noise» (Extended Remix) – 8:12
  2. «Black Tie White Noise» (Club Mix) – 7:33
  3. «Black Tie White Noise» (Trance Mix) – 7:15
  4. «Black Tie White Noise» (Digi Funky's Lush Mix) – 5:44
  5. «Black Tie White Noise» (Supa Pump Mix) – 6:36
  6. «Black Tie White Noise» (Funky Crossover Mix) – 3:45
  7. «Black Tie White Noise» (Extended Urban Remix) – 5:32

Amerikansk promo DJ CD (Savage SADJ-50046-2)

  1. «Black Tie White Noise» (Chr Mix 1) – 3:43
  2. «Black Tie White Noise» (Chr Mix 2) – 4:12
  3. «Black Tie White Noise» (Churban Mix) – 3:45
  4. «Black Tie White Noise» (Urban Mix) – 4:03
  5. «Black Tie White Noise» (Album edit) – 4:10
  • 'CHR Mix 1' er '3rd Floor Mix' på den vanlege amerikanske CD-utgåva
  • 'CHR Mix 2' er 'Waddell's Mix' på den vanlege amerikanske CD-utgåva
  • 'Urban Mix' er 'Al B. Sure! Mix' på den vanlege amerikanske CD-utgåva

Spor #1-3 vart produsert, arrangert og miksa av Marc 'Funkyman' Paley, Raul 'DJ EFX' Recinos & Jeremy 'DJ Digit' Cowan
Spor # 2 miksa og ekstra produksjon av John Waddell
Spor # 4 miksa og ekstra produksjon av Al B. Sure & Timar

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1993), Plassering ...

Medverkande

Andre utgjevingar

  • På bonusdisken som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise er miksane «3rd Floor US Radio Mix» og «Here Come Da Jazz» med.

Andre versjonar

  • The Rockridge Synthesiser Orkester - Plays David Bowie Classic Trax

Anna bruk

Ein sampling frå den første takten av songen er grunnlaget for songen Tziporen (hebraisk ציפורן) frå albumet Iver be-lev yam av den israelske songaren Eran Zur.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads