Songen Don't Look Back av Boston

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't Look Back» er ein song skriven av Tom Scholz og spelt inn av Boston i 1978 som tittelsporet til det andre albumet deira, Don't Look Back. Singelen nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart ein av dei største hittane deira.[1][2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

Sjølv om det er den første songen på albumet, var «Don't Look Back» ein av dei siste songane som vart skrivne og innspelt for albumet.[3] I følgje Scholz «var det ein av dei tinga som berre klikka på plass. Eg laga ikkje ein gong ein demo for songen. Eg kom opp med akkordane, melodien og arrangementet og spelte det rett inn på masterlydbandet.»[3] Brad Delp song all vokal, både solo og korvokal.[4][5] I følgje Scholz, speler Fran Sheehan berre nokre få linjer med bass på songen og Barry Goudreau spelte sologitaren i introen og avslutninga.[4][5][6] Scholz sa han gjorde meir enn 60 redigeringar på trommesporet til Sib Hashian for å få det slik han ønskte det.[4]

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1978), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads