Songen Highway to Hell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Highway to Hell» er ein song av det australske rockbandet AC/DC. Det er opningssporet på albumet deira Highway to Hell frå 1979. Han kom ut på singel same året.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott, og Angus Young blir kreditert for å ha skrive gitarriffet.[2] AC/DC hadde laga fleire studioalbum tidlegare og promoterte dei konstant via ein utmattande turnéplan, omtalt av Angus Young som å vera på ein motorveg til helvete, derav namnet.

Remove ads

Bakgrunn

Songen er i tonearten A-dur.[3] Tittelen og teksten speglar på det slitsame ved å konstant turnera og livet på vegen.[2] Motorvegen som inspirerte til tittelen, Canning Highway, knyter saman Perth med motorvegen Kwinana til hamna Fremantle og var heimstad for mange av favorittpubane og -hotella til Bon Scott, mellom anna Raffles Hotel.[4][5]

«Det kom hundrevis av riff kvar dag», fortalte Malcolm Young. «Men dette tenkte me: 'Det er bra'. Det stakk berre ut som ballane til ein hund.»[6]

Cashbox kalla han ei «beinknusande, tarmvridende øving i primal gitarrock» med «enkel, men effektiv riffing» og «tøff vokal.»[7] Record World skreiv at «Knurrande vokal i lag med rå gitar for enkel, høgenergisk rock'n'roll.»[8]

Singelen låg 45 veker på den tyske singellista og nådde 30. plassen i 19. veka som høgaste plassering på lista.[9] Bon Scott vart funnen død i baksetet på bilen til ein ven, berre vel eit halvår etter at songen vart gitt ut.[2]

Remove ads

Produksjon

«Highway to Hell» vart produsert av Mutt Lange som ein del av albumet med same namn, og arbeidet hans blir rekna som ein viktig faktor i å levera eit av dei klassiske AC/DC-albuma, framveksten av den doble gitar-stilen, som seinare vart perfeksjonert på Back in Black, og forbetra korvokal med Malcolm Young, saman med Cliff Williams for første gong.[2]

Ettermæle

«Highway to Hell» vann kategorien «mest spelte australske verk oversjøs» under APRA Awards i 2009.[10] I 2013 prøvde ein internettkampanje å få han til topps på den britiske singellista over jula det året.[11]

I januar 2018, som ein del av Triple M sin «Ozzest 100», over dei «mest australske» låtane gjennom tidene, vart «Highway to Hell» rangert som nummer 40.[12]

I 2020 rangerte The Guardian songen som nummer sju på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane,[13] og i 2020 vart songen òg rangert som nummer tre på lista over dei 40 beste AC/DC-låtane og i 2021 rangerte Kerrang låten som nummer fem på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.[14]

Liste over utmerkingar

  • Songen vart rangert på 258. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[15]
  • Han vart rangert på 152. plassen på lista over dei 500 beste klassisk rock-låtane av 94.5 XKR.
  • Han vart rangert på 23. plassen i boka The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time, av Martin Popoff.
  • Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1979/80), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1992), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Konsertopptak

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Highway to Hell» har blitt spelt mange gonger på konsert. Inkludert:

  • Live: Denne kom òg ut på singel. Det vart laga ein video for singelen med bilete frå heimvideoen Live at Donington.
  • Let There Be Rock: The Movie
  • Live at River Plate
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads