Soufiane el-Bakkali

From Wikipedia, the free encyclopedia

Soufiane el-Bakkali
Remove ads

Soufiane el-Bakkali (fødd 7. januar 1996) er ein hekkeløpar frå Marokko. Han vart olympisk meister på 3 000 meter hinder i 2021 og 2024, verdsmeister 2022 og 2023. Han vann elles VM-sølv i 2017 og VM-bronse i 2019.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

El-Bakkali stega inn i verdseliten på 3 000 meter hinder då han vart fjerdemann i øvinga under Sommar-OL 2016 med personbeste 8.14,3. Sommaren etter tok han sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i London. Vel tre veker etter VM-finalen forbetra han den personlege rekorden til 8.01,8 i Brussel. 20. juli 2018 gjorde el-Bakkali unna sitt livs kjappaste 3 000 m hinder, i Monaco vart han klokka i mål på 7.58,1. Han presterte 8.03,7 og årsbeste i VM-finalen, men enda på tredjeplass då han hadde lite å stille opp med i spurten mot kenyanaren Conseslus Kipruto og etiopiske Lamecha Girma.

Under Sommar-OL i Tokyo i juli 2021 var el-Bakkali suverent best på sisterunda og vann 3 000 meter hinder framom Girma, med Kenyas Benjamin Kigen på tredjeplass. Det var fyrste gong på 34 år at ikkje ein kenyansk løpar vann 3 000 m hinder i Fridretts-VM og i olympiske sommarleikar. Sidan var el-Bakkali bestemann i avslutninga av hinderløpet under verdsmeisterskapen 2022 og verdsmeisterskapen 2023, i begge tevlingane kom Lamecha Girma på plassen bak. Også ved dei olympiske leikane i Paris 2024 storma el-Bakkali inn til siger i 3 000 meter hinder.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads