Spansk musikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spansk musikk har hatt ei viktig rolle i kulturlivet i Spania, og har også spelt ei viktig rolle innan utviklinga av vestleg og ikkje minst latinamerikansk musikk. Spansk musikk er ofte assosiert med tradisjonelle stilar som flamenco og klassisk gitar. Sjølv om desse musikkformene er utbreidde, finst det mange ulike tradisjonelle musikalske og dansestilar i dei ulike spanske regionane. Musikken frå nordvestregionane er til dømes sterkt avhengig av sekkepipe, jotamusikk er utbreidd i midtre og nordlege delar av landet, og flamenco oppstod i sør. Den spanske musikken spelte ei viktig rolle i den tidlege utviklinga av vestleg klassisk musikk frå 1400- til det tidlige 1600-talet. Ein kan sjå breidda innan musikalsk innovasjon i komponistar som Tomás Luis de Victoria, stilar som zarzuela innan spansk opera, ballettane til Manuel de Falla og den klassiske gitarmusikken til Francisco Tárrega. I dag har ulike stilar av kommersiell populærmusikk blitt dominerande i Spania som andre stader.

Remove ads
Bakgrunn

Pyrenéhalvøya har hatt ei lang historie med å ta til seg ulike musikalske påverknader frå heile middelhavsområdet og resten av Europa. I dei to hundreåra før kristen tid innførte romersk styre musikk og idear frå Det gamle Hellas; dei første kristne, som hadde sine eigne ulike versjonar av kyrkjemusikk, kom til i høgda av det romerske riket; vestgotarar, eit romanisert germansk folkeslag som tok kontroll over halvøya etter at Romarriket fall; maurane og jødane i mellomalderen. Det har derfor vore meir enn to tusen år med indre og eksterne påverknader og utviklingar som har skapt ei stor mengd unike musikktradisjonar.
Remove ads
Mellomalderen


Isidor av Sevilla skreiv om lokal musikk på 500-talet. Han hadde hovudsakleg gresk påverknad, og var ein original tenkjar som dokumenterte nokre av dei fyrste detaljane om tidleg kyrkjemusikk. Han er kanskje mest kjend i musikkhistoria for å ha erklært at det ikkje var mogleg å dokumentera lyd, ein påstand som viste at han ikkje kjende til notasjonssystemet som fanst i det gamle Hellas.
Maurarane i Al-Andalus var vanlegvis nokså tolerante mot kristendommen og jødedommen, særleg i dei fyrste tre hundreåra av den lange dominansen deira a den iberiske halvøya, då kristen og jødisk musikk heldt fram med å bløma. Notesystem for musikk blei utvikla i Spania så tidleg som på 700-talet (såkalla vestgotiske neumer) for å skriva ned messinga og annan sakral kristen musikk. Det finst berre små fragment av denne notasjonen, og han er ikkje blitt tolka av forskarar. Musikken til den tidlege kristne kyrkja i Spania er kjend som mozarabisk song, og utvikla seg isolert før den muslimske erobringar. Han blei ikkje underlag paven si innføring av gregoriansk song som standard rundt tida til Karl den store, då muslimane hadde erobra det meste av den iberiske halvøya. Då området blei kristna att gjennom reconquistaen blei desse songane nesten heilt erstatta av den gregorianske standarden etter at Roma hadde fått tilbake kontroll over dei iberiske kyrkjene. Stilen til spanske folkesongar frå denne tida reknar ein med var sterkt påverka av maurisk musikk, særleg i sør, men sidan dei fleste innbyggjarane framleis snakka latinske dialektar under maurarstyret (seinare kalla mozarabisk) blei tidlegare folkemusikkstilar frå førmuslimsk tid haldne ved like på landsbygda, der dei fleste folka budde, på same måte som mozarabisk song blei halden ved like i kyrkjene. Ved dei kongelege kristne hoffa til reconquistadorane avspegla også musikk som Cantigas de Santa Maria maurisk påverknad. Andre viktige mellomalderkjelder er Codex Calixtinus-samlinga frå Santiago de Compostela og Codex Las Huelgas frå Burgos. Den såkalla Llibre Vermell de Montserrat, eller den raude boka, er ei viktig religiøs samling frå 1300-talet.
Remove ads
Renessansen og barokken

I den tidlege renessansen var Mateo Flecha el Viejo og den kastiljanske dramatikaren Juan del Encina blant dei viktigaste komponistane i perioden som følgde ars nova. Bøker med songar frå renessansen inkluderte Cancionero de Palacio, Cancionero de Medinaceli, Cancionero de Upsala (som er i Carolina Rediviva-biblioteket), Cancionero de la Colombina og den seinare Cancionero de la Sablonara. Organisten Antonio de Cabezón skill seg ut med spelekunsten og komposisjonane sine for klaver.
Ein spansk polyfonisk vokalstil frå tidleg 1500-tal var tett knytt til den nytta av fransk-flamske komponistar. Desse stilane blei sameinte i tida då Det tysk-romerske riket og Burgund begge var under styret til Karl V (konge av Spania frå 1516 til 1556), sidan komponistar frå nord i Europa vitja Spania, og spanjolar reiste rundt i riket, som strekt seg heilt til dagens Nederland, Tyskland og Italia. Musikk skriven for vihuela a Luis de Milán, Alonso Mudarra og Luis de Narváez var eit av høgdepunkta i denne perioden. Aragonesaren Gaspar Sanz skreiv den fyrste læremetoden for gitar. Spanske komponistar frå renessansen var mellom anna Francisco Guerrero, Cristóbal de Morales og Tomás Luis de Victoria (seinrenessansen), som alle var ein god del av karrierane sine i Roma. Dei fleste spanske komponistar vende heim frå reiser i utlandet seint i karrierane sine, og spreidde musikalsk kunnskap i heimlandet, eller kunne på slutten av 1500-talet tena ved hoffet til Filip II.
1700- til 1900-talet

Ved slutten av 1700-talet var den «klassiske» musikkkulturen i Spania i tilbakegang, og fortsette slik fram til 1800-talet. Då han byrja i Spania var klassisismen inspirert av italienske modeller, som i verka til Antonio Soler. Nokre leiande italienske komponistar som Domenico Scarlatti og Luigi Boccherini blei utnemnde til hoffet i Madrid. Den kortlivde Juan Crisóstomo Arriaga er rekna som ein viktig føregangsmann for romantisk symfonisme i Spania.

Medan symfonisk musikk aldri hadde ei særs viktig stilling i Spania, blei kammer-, soloinstrumental (hovudsakleg gitar og piano), vokal- og opera- (både tradisjonell opera og den spanske versjonen av songspelet) musikk skriven av lokale komponistar. Zarzuela, ei innfødd form for opera som inkluderer tala dialog, er ein sekulær musikksjanger som utvikla seg midt på 1700-talet, og hadde den viktigaste tida si i hundreåret etter 1850. Francisco Asenjo Barbieri var ein nøkkelfigur i utviklinga av den romantiske zarzuelaen; medan seinare komponistar som Ruperto Chapí, Federico Chueca og Tomás Bretón førte sjangeren til eit høgdepunkt på slutten av 1800-talet. Dei fremste zarzuela-komponistane på 1900-talet var mellom anna Pablo Sorozábal og Federico Moreno Torroba.
Fernando Sor, Dionisio Aguado, Francisco Tárrega og Miguel Llobet er kjende som komponistar av gitarmusikk. Fine verk for fiolin blei laga av Pablo Sarasate og Jesús de Monasterio.
Musikalsk kreativitet gjekk hovudsakleg inn i populærmusikk fram til den nasjonalistiske gjenopplivinga i den seinromantiske tida. Dei spanske komponistane i denne perioden inkluderte Felipe Pedrell, Isaac Albéniz, Enrique Granados, Joaquín Turina, Manuel de Falla, Jesús Guridi, Ernesto Halffter, Federico Mompou, Salvador Bacarisse og Joaquín Rodrigo.
Remove ads
Spansk populærmusikk

I dei omveltande åra under styret til Francisco Franco var den spanske popmusikken prega av motstand og tilpassing. Trass i streng sensur og avgrensa måter å få utløp for musikken på, kom Benidorm internasjonale songfestival fram som ein sjanse for spanske musikarar til å syna fram musikken sin. Benidorm var inspirert av San Remo-festivalen i Italia, og gav musikarane ein viktig plattform til å visa fram nye musikalske stilar til eit entusiastisk publikum. Festivalen introduserte ikkje berre internasjonale påverknader, men næra også lokalt talent, og la grunnlaget for framtidige utviklingar innan spansk pop. Ein skadd fotballspelar i Real Madrid som forvandla seg til songar, for eksempel, blei den verdskjende Julio Iglesias. På 1960-talet og tidleg 1970-talet auka turismen i landet, og det kom til fleire musikalske stilar frå resten av kontinentet og utlandet. Under Franco-styret, som sterkt avgrensa rettene til kvinner og dei offentlege rollene deira, møtte kvinnelege artistar også hinder mot å uttrykke seg gjennom musikk. Men nokre klarte å bryte gjennom desse avgrensingane, og bidrog til den pulserande undergrunnsscena for musikk som voks opp trass sensuren. Artistar som Marisol, som byrja som ein barnestjerne på 1960-talet, og Rocío Dúrcal, som blei ein leiande figur i spansk musikk og film, styrte gjennom desse hindera for å bli folkekjære ikon i samtida.

På 1980-talet kom ei omskiftande tid med La Movida Madrileña, ei motkulturell rørsle med sentrum i Madrid. Denne perioden var avgjerande for popmusikken i Spania, og fostra ei tid med eksperimentering og kreativitet i ulike sjangrar som elektronika, eurodisco, rock, punk og hip-hop. Spansk popmusikk byrja å få sin eigen karakteristiske identitet, og gjekk bort frå å følgja anglo-amerikanske trendar og omfamna i staden lokal originalitet og mangfald. La Movida revitaliserte ikkje berre det kunstnariske uttrykket, men katalyserte òg vekst i bransjen, og danna grunnlaget for Spania si rolle i den globale musikkindustrien. Kvinnelege kunstnar som Alaska (frå Alaska og Los Pegamoides og seinare Fangoria) og Martirio kom fram som innverknadsrike figurar som utfordra tradisjonelle kjønnsroller og utforska nye lyder og stilar.

Julio Iglesias, Enrique Iglesias og Alejandro Sanz er blitt ståande som ikon for den spanske popmusikken. Desse kunstnarane fekk ikkje berre store publikum i Spania, men blei også globalt kjende, og fremja spanskspråkleg musikk internasjonalt. Julio Iglesias fekk særleg suksess som den mestseljande mannlege latinske artisten til alle tider, noko som viser den varige påverknaden av spansk pop på det globale musikklandskapet.[1] I sjølve Spania var 1990-talet karakterisert av ein livleg undergrunnsmusikkscene som bløma i storbyar som Madrid og Barcelona. Alternative rock-band som Los Planetas og Dover fekk framgang, og førte med seg ein ny energi til spansk pop med indierock-påverknadar og den eksperimentelle lyden sin. Denne perioden såg òg framveksten av elektronisk musikk og danseklubbar som diversifiserte det musikalske landskapet vidare og fostra ein ny generasjon DJ-ar og produsentar. Samansmeltinga av dei spanske og latinamerikanske musikkmarknadane forsterka denne påverknaden vidare, og skapte ei dynamisk kulturell utveksling som framleis formar trendar og innovasjon i musikkindustrien. Mónica Naranjo er blitt kjend for ein sterk vokal og dramatiske framføringar, medan Ana Belén har ein sofistikert stil og ein allsidig stemme. Desse artistane bidrog til ei variert og livleg tid innan spansk musikk, og kvar av dei har hatt ein varig innverknad med dei karakteristiske bidraga sine til sjangeren.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads