Speed of Life av David Bowie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Speed of Life» er den første instrumentalen til David Bowie. Han er opningssporet på albumet Low frå 1977.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

«Speed of Life» introduserer Low og i lag med med ein liknande livleg instrumental, «A New Career in a New Town», er han ei bokstøtta for A-sida på albumet. Songen gjev raskt fleire hint om innhaldet på albumet med tung bruk av synthesizerar som både effektar og instrument, med dei tunge trommene til Dennis Davis og overlagde effektar som skapar ein heilt annan miks enn på tidlegare Bowie-album.

Det var opphavleg planlagt ein tekst for songen, men Bowie gav opp ideen etter fleire forsøk og kom fram til at stykket stod seg best på eiga hand.

Remove ads

Konsertversjonar

  • Konsertopptak frå Isolar II-turneen kom ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).
  • Songen vart òg framført på 2002-turneen, der Bowie spelte heile Low på utvalde konsertar.[1]

Andre utgjevingar

  • Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Be My Wife» i juni 1977.
  • Songen finst i Sound and Vision-boksen
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.

Medverkande

Andre versjonar

  • ST-37 - Only Bowie (1995)
  • Insect Surfers - Ziggy Played Surf Guitar (2011)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads