Spiez

From Wikipedia, the free encyclopedia

Spiezmap
Remove ads

Spiez is a city i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 12 475 innbyggjarar (2010) og eit areal på 17 km². Kommunesenteret ligg 607 meter over havet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Han ligg ved sørbreidda av Thunsjøen og består av dei fem landsbyane Spiez, Einigen, Hondrich, Faulensee og Spiezwiler.

Thumb
Flyfoto av Spiez og Thunsjøen

Spiez er eit knutepunkt for jarnbanen, og ligg på Lötschberglinja som knyter saman det nordlege og sørlege Sveits. Spiez ligg omtrent midt i mellom Thun og Interlaken.

Turisme er ei viktig inntektskjelde for Spiez. Hovudattraksjonar er slottet med parken i kring, og slottskyrkja bygt i tidlegromantisk stil. Spiez hyser også Hotel Belvédère, som i Tyskland er kjend som staden der Tysklands herrelandslag i fotball budde under VM i fotball 1954. Denne meisterskapen enda i ein overraskande tysk siger, og «ånda frå Spiez» vert rekna som ein viktig faktor i triumfen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Spiez frå Wikivoyage


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads