Thun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thunmap
Remove ads

Thun (fransk Thoune) er ein kommune i distriktet Thun i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 42 623 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Byen er hovudstad i distriktet. Byen Thun ligg der elva Aare renn ut frå Thunsjøen. Byen vert rekna som porten til Berner Oberland.

Thumb
Utsyn over Thunsjøen
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Hovudnæringane i Thun er turisme, våpen- og metallindustri, forlagsverksemd og næringsmiddelindustri.

Namnet Thun kjem av keltisk «dunum», og byen har vore bebudd sidan yngre steinalder. Byen har eit slott bygt på 1100-talet under hertugane av Zähringen. Thun fekk byrettar i 1264, og vart underlagt Bern i 1384.

Skirennaren Bruno Kernen er frå Thun.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads