Springaren Jarand Skinnarland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Springaren «Jarand Skinnarland» er kalla opp etter spelemannen Jarand Skinnarland frå Møsstrond som levde frå 1812 til 1901. Det er først og fremst i Telemark at slåtten er kjend under dette namnet, eller Skinnarlanden. I Hardingfeleverket er slåtten ein del av variantgruppa 526, og gruppa har 17 variantar frå Voss til Hallingdal. På Vestlandet er slåtten kjend som Marta Onstad, i Hallingdal som Raske-Jørand, og i Numedal som Narve Hytta eller Narve Frivillig. I Krødsherad er slåtten kjend som Ola Skeimakar. I Valdres er slåtten kjend som Lagdajordin.

Dette er ein typisk vandreslått som har vokse ettersom han vart nytta. Hallingforma har ikkje meir enn to vek, medan desse er utbygd til ein storslått i telemarkstradisjon. Mykje tyder på at opphavet til slåtten nok er å finne i Buskerud, der ei mindre utbygd form er skriven ned i Flesberg og Krødsherad. Ei av vestlandsformene (Brynjulv Hefte) skriv seg frå Myllarguten, medan den andre (Mosafinn) kan ha kome frå Valdres. Både Myllaren og Håvard Gibøen kjende til slåtten, så det er rimeleg å tru at båe to kan ha fått han frå spelemannen Jarand Skinnarland. Det trykte materialet syner ei opphoping av former i austre Telemark og nedre Buskerud.

Arne Bjørndal hevda i si tid (1922) at slåtten opphavleg var ein sogneslått. Han hev den markera rytmiken som sognespelet i særs mun merkjer seg ut med. (Bjørndal 1922). I så fall skulle slåtten vera komen til Valdres frå Lærdal, og spreidd seg nedover til Krødsherad på eit tidleg stadie. Denne teorien heng på om Ola Okshovd har lært slåtten frå kryllingspelemenn, eller omvendt. I Hardingfeleverket finst det ikkje særskilde former av denne slåtten beint frå Sogn.

Slåtten er spela på oppstilt bass i alle variantar, og gruppa kan delast i to: variantar som byrjar på kvinten (E-strengen), og dei som byrjar på tersen (D-strengen) på hardingfela. Den første gruppa inneheld berre tre variantar, ein frå Voss, ein frå Nes i Hallingdal og ein frå Lyngdal i Buskerud.

Slåtten har noko tematisk likskap med springaren Igletveiten, som er mykje nytta i Telemark og skriv seg frå Jon Kjos.

Remove ads

Variantar

  • a: Marta Onstad, spela av Brynjulv Hefte[daud lenkje], Voss, nedskriven av Arne Bjørndal 1916 (B 698) . Hefte hadde slåtten etter Myllarguten. Byrjar på kvinten (E-streng). Dette er ei lita form med få vek.
  • b: Marta Onstad, spela av Ola Mosafinn[daud lenkje], nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal Nye slåttar nr 14). Mosafinn bygde ut slåtten med fleire ristetak. Det er hevda at Mosafinn hadde slåtten etter Sjur Helgeland. Helgeland skulle ha spela slåtten for Marta Onstad under ei dansetevling på Lærdalsøyri i 1883. Sidan kalla han opp slåtten etter henne.
  • d: Raske-Jørand, spela av Olav T. Hagen[daud lenkje] frå Ål. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Slåtten har to vek, og er rekna som ein god danselått.
  • f: Springar spela av Johan Kleven[daud lenkje] frå Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1925 (Ø 58). Kleven hadde slåtten etter faren, Gamle-Kleven (noko som tyder på at slåtten er gamal i Krødsherad). Slåtten er og noko meir utbygd enn i øvre Buskerud. Opningstaket i slåtten er og nytta i hallingslåtten Kristi Vangji.
  • g: Ola Skeimakar, spela av Johan Kleven[daud lenkje], nedskrift Truls Ørpen 1933 (Ø 201). Dette er ei noko vidare form enn den førre.
  • i: Gamle Haugan, spela av Andres Haugan[daud lenkje], Lyngdal i Buskerud. Nedskrift Arne Bjørndal 1937 (B 100). Slåtten opnar på kvinten. Haugan hadde han etter far sin, Ola Haugan, som hadde han etter Eivind Spellemann frå Flesberg. Denne forma var og kalla skeimakaren. Slåtten har to klårt avgrensa vek, og opnar på kvinten.
  • j: Narve Frivillig, spela av Hellik Ranvik[daud lenkje] frå Flesberg. Nedskrift Sven Nyhus 1978.
  • k: Jarand Skinnarland, spela av Steingrim Haukjem[daud lenkje] frå Veggli. Nedskrift Truls Ørpen 1924 (Ø 497). Haukjem hadde slåtten frå Tinn.
  • l: Narve Hytta, etter Halvor Høyseth[daud lenkje], Hovin. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Narve Hytta var ein kjend spelemann frå Numedal (Truleg same som Narve Frivillig).
  • n: Jarand Skinnarland, spela av Johannes Dale [daud lenkje], Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1273). Mykje same forma som Steingrim Haukjem si.
  • o: Jarand Skinnarland, spela av Knut Vågen[daud lenkje], Møsstrond. Nedskrift Arne Bjørndal 1937 (B 796a). Vågen hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, og slik etter Håvard Gibøen.

NB: Dette er dei variantane som vart tekne med i hardingfeleverket. Det er rimeleg å tru at samlarane skreiv ned fleire variantar, kvar på sin kant, som ikkje vart tekne med i det endelege redaksjonsarbeidet. Til dømes spela Haldor Røyne ein nærskyld variant av Lagdajordin etter Ola Okshovd. Årsakene kan vera at nokre av formene var så like at dei trykte nedskriftene er meint å syne eit representativt utval.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads