Wild Horses
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Wild Horses» er ein song av the Rolling Stones på albumet Sticky Fingers frå 1971, skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 343. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2004.
Mange har meint at Jagger skreiv teksten om Marianne Faithfull, men i omslaget til samlinga Jump Back frå 1993 avkreftar Jagger dette.
The Flying Burrito Brothers spelte inn ei utgåve av songen som kom ut alt i 1970, før The Rolling Stones si utgåve.
Remove ads
Utgjeving
Han kom ut på singel i USA i juni 1971, der han nådde 28. plass på singellista. Sjølv om songen har vore spelt mykje på konsertar, har han ikkje vorte gjeven ut på noko konsertalbum. Ei nyinnspeling av songen kom ut på det albumet Stripped i 1995.
Medverkande
- The Rolling Stones
- Mick Jagger – vokal
- Keith Richards – 12-strengs akustisk gitar, elektrisk gitar, korvokal
- Mick Taylor – akustisk gitar
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Andre medverkande
- Jim Dickinson – piano
Salslister
Andre versjonar
Mange andre har gjort sine utgåver av songen, mellom andre The Flying Burrito Brothers, Leon Russell, The Cranberries, Elvis Costello, Neil Young, Old and in the Way, The Sundays, Guns N' Roses, Bush, Labelle, The Lovemongers med Chris Cornell, Jewel, Dave Matthews, Garbage, Charlotte Martin, Chantal Kreviazuk, Alicia Keys med Adam Levine, Tre Lux, Iron & Wine, Stone Sour, Honeytribe, Deacon Blue og Elisa.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads