Stjerna Pollux

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stjerna Pollux
Remove ads

Pollux (β Gem, β Geminorum, Beta Geminorum) er ei stjerne nord i stjernebiletet Tvillingane. Ho er ei utvikla kjempestjerne med oransje farge. Ho har ein tilsynelatande storleiksklasse på 1,1,[3] og er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet; meir lyssterk enn nabostjerna Castor (Alfa Geminorum). Parallaksemålingar med satellitten Hipparcos[13][14] har plassert stjerna 33,78 lysår unna jorda.[1] Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[15] I 2006 vart det stadfesta at Pollux har ein eksoplanet kring seg.[7]

Kjappe fakta Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0, Karakteristikk ...
Remove ads

Eigenskapar

Stjerna er større enn sola, kring to gonger massen og nesten ni gonger radiusen.[7] Ho var ein gong ei hovudseriestjerne klasse A,[6] og har nytta all hydrogenet i kjernen og utvikla seg til ei kjempestjerne med spektralklasse K0 III.[2] Den effektive temperaturen til den ytre envelopen til denne stjerna er kring 4 666 K,[7] som ligg i området som produserer den karakteriske oransje fargen til klasse K-stjerner.[16] Pollux verkar å rotere langsamt med ein projisert rotasjonssnøggleik på 2,8 km/s.[10]

Remove ads

Planetsystem

Det har vore mistenkt sidan 1993 at ein eksoplanet krinsa kring Pollux,[17] frå svingingar i den målte radialsnøggleiken. Planeten Pollux b vart annonsert den 16. juni 2006. Pollux b er kalkulert til å ha ein masse på minst 2,3 gonger massen til Jupiter. Ho brukar kring 590 dagar på ein runde rundt Pollux.[7]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads