Stormy Weather

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Stormy Weather» er ein song frå 1933 skriven av Harold Arlen og Ted Koehler. Ethel Waters song først songen på The Cotton Club i Harlem i 1933 og spelte han inn det året. Same året vart songen sungen inn i London av Elisabeth Welch og Frances Langford. I 1933 var første gongen heile besetninga ved Cotton Club drog ut på turné. Showet heitte opphavleg The Cotton Club Parade of 1933, men skifta sidan namn til Stormy Weather Revue. Songen vart då sungen av Adelaide Hall.[1]

Alt i september 1933 spelte gruppa Comedian Harmonists ut ein tysk versjon kalla «Ohne dich» med ein heilt annan tekst.[2] Songen har sidan blitt framført av ei rekkje andre artistar som Frank Sinatra, Judy Garland, Etta James, Ella Fitzgerald, Dinah Washington, Clodagh Rodgers, Reigning Sound og mest kjend av Lena Horne og Billie Holiday. Orkesterversjonen til Leo Reisman vart den største hitten (med Arlen sjølv på vokal), sjølv om versjonen til Ethel Waters òg selde godt. «Stormy Weather» vart framført av Horne i filmen med same namn i 1943 som ein del av eit stort show for soldatar i andre verdskrigen.[3]

Ethel Waters si innspeling av songen frå 1933 vart innlema i Grammy Hall of Fame i 2003, og Library of Congress tok med songen i nasjonalregisteret sitt over amerikanske innspelingar i 2004. I 2004 vart versjonen til Horne plassert på 30. plassen på lista AFI's 100 Years...100 Songs over dei beste songane frå amerikansk kino.

Remove ads

Innspelingar

  • Ethel Waters – 1933[4]
  • Bert Ambrose and his Orchestra - 1933[5]
  • Duke Ellington – 1933[4] og ein annan versjon med songaren Ivie Anderson i 1940.[6] Han framførte òg ein vokal versjon med Ivy (aka Ivie) Anderson i kortfilmen Bundle of Blues i 1933.[7]
  • Harold Arlen – 1933[4]
  • Lena Horne spelte inn songen i 1941 for RCA Victor. I 1943 spelte ho ein annan versjon av songen for filmen med same namn. Ho spelte inn songen minst fem gonger gjennom karrieren, mellom anna for albumet Stormy Weather frå 1957. Originalversjonen hennar frå 1941 vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2000.[8]
  • Connee Boswell – 1941[9]
  • Connee BoswellSwing Parade of 1946 (1946)
  • The Five Sharps – 1952
  • Billie Holiday med Lester Young og Count BasieBroadcast Performances Vol. 2 (1955)[4]
  • The Spaniels, innspelt i 1958 på Vee-Jay Records #290
  • Red Garland Trio - All Kinds of Weather (1959)[10]
  • Frank SinatraNo One Cares (1959)[4]
  • Roy HamiltonHave Blues Must Travel (1959)
  • Etta JamesAt Last! 1960
  • Charles Mingus med Eric DolphyMingus! (1960)[4]
  • Billy EckstineOnce More with Feeling (1960)[4]
  • Judy GarlandLondon Sessions[11] og albumet Judy at Carnegie Hall[12][13]
  • Bing CrosbyBing Crosby's Treasury - The Songs I Love (1965)
  • George BensonIt's Uptown (1966)
  • Ringo Starr spelte inn songen i 1969 for debutalbumet sitt som soloartist, men han kom ikkje med på det ferdige albumet.[14]
  • Mary Lou WilliamsLive at the Keystone Korner (1977)[4]
  • Elisabeth Welch – «From Derek Jarman's The Tempest - Elisabeth Welch sing's Stormy Weather» (1980) - Label: Industrial Records – IR0012 - Format: Vinyl, 7", 45 RPM, Single- Country: UK
  • Viola Wills – spelte inn songen i 1982 og han nådde fjerdeplassen på danselista.[15]
  • Doc Watson og Merle WatsonPickin' the Blues (1985)
  • Woody Shaw med Steve TurreImagination (1987)[4]
  • Saundra Santiago - i sesongfinalen av Miami Vice sesong 3 (episodenamn Heroes of the Revolution, 1987)
  • Jeff LynneArmchair Theatre (1990)
  • Joni MitchellBoth Sides Now (2000)
  • Sylvia BrooksRestless (2012)[16]
  • Bob DylanTriplicate (2017)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads