Strandflate
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Strandflate er det låge landet og det grunne kystnære sjøområdet som er typisk for det norske kystlandskapet frå Stavanger i Rogaland til Magerøya i Finnmark. Strandflata høyrer med til dei landformene som er mest karakteristiske for Noreg, og er hovudsakleg utvikla i kvartærtida. Denne typen landskap finst òg i andre arktiske og antarktiske område som har vore eller er nedisa, til dømes Grønland og Svalbard. Strandflate er eit faguttrykk innan geomorfologi og blir brukt i faga geologi og geografi.[1]

Foto: Mahlum



Foto: Frode Inge Helland
Remove ads
Karakteristiske trekk
Strandflata omfattar område såvel på land som i sjøen, og kan delast i tre soner. Ytst ligg ei undersjøisk (submarine) sone, deretter ein skjergardssone, og inst ein supramarin sone. Strandflate-arealet endar gjerne mot ein brattskrent på landsida, med høgare fjell innanfor; i sjøen blir strandflata avslutta med ein bratt skråning ned mot kontinentalhylla. Strandflata ligg nær dagens havnivå, landområda når sjeldan opp i meir enn 50 moh og sjøområda er vanlegvis grunnare enn 50 m. Breidda på strandflata varierer frå 50-60 km, som på Helgeland, til nesten inkje, som ved Stad. I strandflata ligg det mange karakteristiske fjellformasjonar, raukar. Desse har eit viktig felles trekk, nemleg bratte fjellsider. Desse raukane ligg som særmerkte landemerker på kysten, t.d. Tustnastabban på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke og Trænfjella i Helgeland i Nordland fylke.
Remove ads
Omgrepet strandflate
Omgrepet «strandflate» vart introdusert i 1894 av den norske geologen Hans Reusch. Det norske ordet er òg teke i bruk i engelsk språk (strandflat), og den norske kysten er typeområde i den geomorfologiske skildringa av denne typen landskap. Ei rekkje forskarar har freista å forklare korleis strandflata har oppstått, mellom anna Nansen, Holtedahl og Klemsdal.[2]
Prosessen som skapte strandflaten
Alderen på strandflata har vorte diskutert i samanheng med kva for prosessar som har vore dominerande. Ut frå seismiske og sedimentologiske undersøkingar har ein konstatert at landhevninga i tertiær tid stoppa opp for ca. 5 mill. år sidan, og 4-5 mill. år er difor er maksimumsalderen til strandflaten.
Strandflata har som landskapstype ein samanheng med hav og havnivå. Bølgjeerosjon, isbreerosjon og frostforvitring har vore dei viktigaste forslaga til å forklare korleis strandflaten har oppstått. Nokre forskarar har lagt vekt på at kombinasjon av desse prosessane har vore avgjerande.
Reusch meinte at bølgeerosjon frå havet var den viktigaste årsaka til danninga av strandflaten. Seinare forskarar har påpeikt at det er vanskeleg å forklare at store delar av dei best utvikla strandflateareala ligg i område som er verna mot bølgjeerosjon. Dei store isbreane i innlandet følgde i hovudsak fjordane ut mot havet, i område mellom områda med strandflate, men mindre isbrear i fjella innanfor strandflata kan ha hatt noko tyding for utviklinga av strandflata.
Nansen framhalde allereie i 1904 at frostforvitring og prosessar som involverte sjøis var den viktigaste naturkrafta som hadde skapt strandflata. Nyare forsking (Motrøen) støttar Nansen: Forklaringa hans er han som ser ut til å ha mest for seg, og han blir støtta av nyare undersøkingar, bl.a på Svalbard, der den same typar forvitring og erosjon stadig pågår.
Eit viktig moment er at strandflaten berre finst i tidlegare nedisede område. I kalde strøk kan sjøisen leggje seg som ein tjukk ispakke langs kysten, eit fenomen Nansen kalla iskallen. Lausmateriale, steinar, grus og sand, og til og med store steinblokker, kan fryse fast under isen, og deretter «bli plukka» og blir ført bort. Tidvatnet kunne løfte desse ispakkene og store mengder lausmateriale kan følgje med og førast bort med straumen.[3] Dette er ein prosess som kunne virke i flomålet, der havnivået er. Varierande havnivå under istidene har bidrege til at sjøisen har kunna arbeide i mange nivå, både over og under dagens havnivå. Motrøen har konkludert med at frostforvitring, kombinert med prosessar der sjøis og tidvatn er aktørar, synst å ha skapt strandflaten, som hovudsakleg er vorte til i kvartærtiden.[4]
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads