Stranger in a Strange Land av Iron Maiden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Stranger in a Strange Land» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut som den andre singelen frå det sjette studioalbumet deira, Somewhere in Time (1986). Songen er ikkje knytt til Robert A. Heinlein-romanen med same namn.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Oversyn

Teksten handlar om ein arktisk oppdagar som døyr og frys fast i isen. Etter hundre år vert lekamen hans funnen bevart av andre oppdagarar.[2] Adrian Smith vart inspirert til å skrive songen etter å ha snakka med ein oppdagar som hadde opplevd noko liknande.

Gitarsoloen i «Stranger in a Strange Land» vart spelt av Adrian Smith. Songen er ein av berre fire Iron Maiden-songar som tonar ut. Tekstlinja «no brave new world» vart òg nytta på Iron Maiden-albumet Brave New World.

Remove ads

Singelomslag

Eddie gjer ei hyllest til Clint Eastwood-figuren «Man with No Name» på omslaget, men kan òg reknast som ei blanding av Deckard frå Blade Runner og «Man with No Name».

B-sider

B-sida til singelen, «That Girl» og «Juanita», vart begge spelte under ein hemmeleg konsert med The Entire Population of Hackney den 19. desember 1985, med Adrian Smith på vokal. Det var truleg slik ideen kom til om å spele dei inn som B-sider.

«That Girl» var skriven av Merv Goldsworthy, Pete Jupp og Andy Barnett i ei tidleg utgåve av bandet FM og var eit av demospora som sikra dei platekontrakt med CBS i 1984.[3] Songen vart sidan gjeven ut av både Iron Maiden og FM i 1986. På den tida hadde brørne Steve og Chris Overland kome med i FM og delar av den originale songen hadde blitt omskrive.[4] .

«Juanita» vart opphavleg spelt av Barnett-bandet Marshall Fury tidleg i 1980-åra og vart skriven av Steve Barnacle og Derek O'Neil. Marshall Fury spelte aldri inn ein studioversjon av songen.

Innhald

7"-singel
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
12"-singel
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Frå singelomslaget:[5][6]

Produksjon

Lister

Meir informasjon Singel, Liste (1986) ...

Fotnotar

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads