Somewhere in Time av Iron Maiden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Somewhere in Time er det sjette studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 29. september 1986 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i Nord-Amerika. Albumet er oppfølgjaren til det særs populære albumparet Powerslave/Live After Death, og var det første albumet der dei nytta gitarsynthesizerar.[6]
Remove ads
Etter utgjevinga har albumet seld til platinaplate i USA for over ein million selde eksemplar.[7]
Somewhere on Tour var namnet på turneen etter albumet.
Remove ads
Bakgrunn, låtskriving og innspeling
Somewhere in Time er det første studioalbumet til bandet etter den omfattande World Slavery-turneen i 1984-1985, som var fysisk slitsam for bandet,[8] og bestod av 187 konsertar i løpet av 331 dagar.[9][10] Utmattinga etter turneen har fått skulda for at vokalisten Bruce Dickinson ikkje bidrog med songar på albumet og fekk sine ting avvist av resten av bandet.[11] Dickinson hadde skrive fleire «akutisk-baserte» songar, og forklarte at «eg følte at me hadde kome opp med vårt Physical Graffiti eller Led Zeppelin IV ... me måtte nå eit nytt nivå eller så kom me til å stagnere og drive bort,» sjølv om bassisten og hovudlåtskrivaren Steve Harris sa «eg trudde han hadde mista det fullstendig. Han var truleg meir utbrend enn me andre på slutten av turneen.»[11] På den andre sida er albumet kjend for dei gode songane til gitaristen Adrian Smith,[12] som skreiv begge singlane på albumet: «Wasted Years» og «Stranger in a Strange Land». Den sistnemnte songen var den einaste på plata der dei ikkje nytta synthesizerar.[13]
Etter World Slavery-turneen tok gruppa ein fire månader lang ferie, som Harris, Smith og gitaristen Dave Murray brukte til å eksperimentere med nytt utstyr.[6] Resultatet markerte ei endring i stilen til Iron Maiden, sidan det vart første gongen dei brukte gitar-synthesizerar. På den neste utgjevinga deira, Seventh Son of a Seventh Son i 1988, vart effektane skapt av klaverinstrument.[14] På grunn av ferien vart dette det første studioalbumet deira som ikkje kom ut eit år etter det førre. Bandet insisterte på at dei ønskte nok tid for å få det rett.[6] Det var òg eit av dei dyraste albuma dei spelte inn, med bass og trommer spelte inn på Bahamas, gitarar og vokal i Nederland, medan miksinga fann stad i New York.[6]
Sjølv om «rom og tid» er vanlege tema på dette albumet, med songar som «Wasted Years», «Caught Somewhere in Time», «Stranger in a Strange Land» og «Deja-Vu», tenkte aldri bandet at det skulle bli eit konseptalbum, og Harris sa, «Me gjekk garantert ikkje inn der og sa, 'Ok, la oss skrive mange songar om temaet tid.'»[15] Dei fleste av songane på albumet forsvann frå konsertsetlistene til bandet kort tid etter den påfølgjande turneen, men «Wasted Years» og «Heaven Can Wait» har ofte blitt spelt sidan den gongen. Under «Heaven Can Wait» har dei ofte teke grupper av lokale fans og kjendisar opp på scenen for å syngje partiet i midten av songen.[16]
Hyllestalbumet Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, gjeve ut av musikkmagasinet Kerrang! i 2008, inneheld to songar frå albumet: «Wasted Years» av DevilDriver og «Caught Somewhere in Time» av Madina Lake.[17]
Remove ads
Plateomslag
Plateomslaget for Somewhere in Time vart skapt av den faste kunstnaren til bandet, Derek Riggs, og syner ein cyborg-liknande Eddie i eit futuristisk Blade Runner-inspirert miljø.[18] Som plateomslaget på Powerslave inneheld omslaget ei rekkje referansar til tidlegare Maiden-album og songar.[19]
Innhald
Medverkande
Henta frå plateomslaget.[1][20]
- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – vokal
- Dave Murray – gitar, gitar-synthesiser
- Adrian Smith – gitar, gitar-synthesiser, korvokal, solovokal på «Reach Out»
- Steve Harris – bassgitar, bass-synthesiser
- Nicko McBrain – trommer
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing, lydbandoperatør
- Bruce Buchhalter – andre lydteknikar
- Sean Burrows – assisterande lydteknikar (Compass Point Studios)
- Albert Boekholt – assisterande lydteknikar (Wisseloord Studios)
- Ronald Prent – assisterande lydteknikar (Wisseloord Studios)
- George Marino – mastering
- Derek Riggs – illustrasjon på omslaget
- Aaron Rapoport – fotografi
- Rod Smallwood – management, konsept for plateomslaget
- Andy Taylor – management
Remove ads
Lister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads