Strawberry Fields Forever
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Strawberry Fields Forever» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles. Songen vart skriven av John Lennon og innspelt mot slutten av 1966, men tilskriven Lennon/McCartney. Han er kalla opp etter huset til Frelsesarmeen i Liverpool, der Lennon leika som barn.
«Strawberry Fields Forever» startar med ein vers-mellomspel-struktur med Lennon på vokal og med akkompagnement frå resten av bandet. Midtvegs i songen vert Lennon akkompagnert av eit orkester. Etter det fjerde verset vert songen tona ut og inn igjen til disharmoniske melodiar og Lennon som seier «cranberry sauce».
«Strawberry Fields Forever» vart opphavleg innspelt for Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (1967), men vart i staden gjeve ut som singel den 13. februar 1967 som ei dobbel A-side, med Paul McCartney sin «Penny Lane» på andre sida. Songen nådde toppen av hitlistene i mange land og vert av mange musikkritikarar skildra som ein av dei beste innspelingane til bandet.[6][7] Songen er ein av dei som definerte sjangeren psykedelisk rock og vart spelt av mange andre artistar. Songen vart seinare gjeve ut på albumet Magical Mystery Tour (1967).
Remove ads
Bakgrunn og komposisjon

Strawberry Field var namnet på barneheimen til Frelsesarmeen like ved barndomsheimen til Lennon i Liverpool.[8]
Lennon starta skrivinga av songen seint i 1966 i Almería i Spania under innspelinga av Richard Lester-filmen How I Won the War.[8][9] Både Lennon sin «Strawberry Fields Forever» og McCartney sin «Penny Lane» hadde eit nostalgisk tema frå barndomsåra deira i Liverpool. I tillegg hadde begge songane sterke surrealistiske og psykedeliske overtonar.[8] Produsent George Martin sa at då han først høyrte «Strawberry Fields Forever» syntest han at songen danna ei «tåkete, impresjonistisk draumeverd».[10]
«Let me take you down,
John Lennon, 1966 |
Perioden var prega av store endringar for Lennon sin del. Beatles hadde akkurat gjeve opp turnelivet, hendingane der Lennon uttalte at «Beatles var meir populært enn Jesus»[11] og der bandet utan medvit[8][12] var nettopp forbi og ekteskapet til Lennon med Cynthia Powell var i ferd med å bryte saman. I tillegg hadde han starta å nytte store mengder narkotika, særleg hallusinogenet LSD.[10][13]
Remove ads
Innspeling
Arbeidstittelen på songen var «It’s Not Too Bad».[14] Innspelinga starta 24. november 1966 i Abbey Road Studio. Det tok 45 timar å spele inn songen, spreidd utover fem veker.[8][15][16] Songen var meint for albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, men vart i staden gjeve ut som ein singel.[17]
Etter at songen var innspelt ønskte Lennon å gjere noko annleis med han. I følgje Martin ønskte Lennon ein dempa, drøymande song, men at resultatet hadde vorte for grovt. Martin foreslo å skrive melodi for strykarar som kunne leggast på, noko han også gjorde[18], med fire trompetar og tre celloar, men Lennon likte ikkje resultatet.[19] Samstundes vart eit anna grunnspor spelt inn den 8. og 9. desember med ein mellotron, slidegitar, piano og cymbalar spelt inn baklengs, samt ein swarmandal; ein indisk versjon av ein sitar.[20][21] Etter å ha høyrt begge versjonane likte Lennon begge og ønskte å kombinere dei.
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Singelen kom ut 13. februar som ei dobbel A-side med «Penny Lane» på andre sida. For første gong sidan «Love Me Do» i 1962, klarte ikkje Beatles-singelen å nå toppen av den britiske singellista, men stoppa på andreplass. Dette kom av at BBC rekna dei to songane som to individuelle singlar, og tok ikkje omsyn til at singelen faktisk selde nesten dobbelt så mykje som Engelbert Humperdinck, som hadde førsteplassen.[22] Det same opplegget hadde dei i USA, men her nådde «Penny Lane» toppen av lista, medan «Strawberry Fields Forever» stoppa på 8. plass.
«Strawberry Fields Forever» vart teke godt imot av kritikarane, og vert framleis rekna som ein klassikar. Tre veker etter han kom ut omtalte bladet Time songen som det siste dømet på Beatles si utrulege nyskapande evner.[23] Allmusic har hylla songen som ein av dei største songane til The Beatles.[6] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 76. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.[7]
Brian Wilson frå The Beach Boys sa at songen var delvis årsaka til at han skrinla det legendariske lenge uferdige albumet SMiLE.[24] og at etter han hadde høyrt songen så meinte han at Beatles alt hadde kome fram til lydbilete dei alltid hadde prøvd å oppnå.[24]
Medverkande
I følgje Ian MacDonald,[25] utanom der andre er nemnde:
The Beatles
- John Lennon – vokal, rytmegitar, bongos, Mellotron (slutten)
- Paul McCartney – Mellotron (ein part på opptak 7), bassgitar, piano,[26] sologitar (slutten), pauker, bongotromer
- George Harrison – sologitar (ein part på opptak 7),[27] slidegitar, swarmandal, pauker, maracas
- Ringo Starr – trommer, perkusjon
- ikkje oppført – spiker piano[28]
Andre musikarar
- George Martin – cello og trompetarrangement
- Mal Evans – tamburin
- Neil Aspinall – güiro
- Terry Doran – maracas
- Tony Fisher – trompet
- Greg Bowen – trompet
- Derek Watkins – trompet
- Stanley Roderick – trompet
- John Hall – cello
- Derek Simpson – cello
- Norman Jones – cello
Remove ads
Salslister
Beatles-versjonen
Candy Flip-versjonen
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads