Penny Lane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

}} «Penny Lane» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles. Songen vart skrive av Paul McCartney,[6] men tilskriven Lennon/McCartney. Songen vart spelt inn under innspelinga av albumet Sgt. Pepper, men vart ikkje ein del av dette albumet. I staden vart han gjeve ut på singel i februar 1967 som ei dobbel A-side «Strawberry Fields Forever». Produsenten George Martin har uttrykt at desse to songane i lag utgjorde den beste singelen som bandet nokon gong gav ut.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Begge songane vart seinare gjevne ut på albumet Magical Mystery Tour i november 1967. I heimlandet Storbritannia er singelen kjend for å ikkje ha nådd førsteplassen, men stoppa på plassen bak Engelbert Humperdinck sin «Please Release Me».[7] Dette kom av at BBC talde dei to songane som to forskjellige singlar, så i røynda selde singelen nesten det dobbelte av det Humperdinck gjorde. I USA og i Noreg gjekk singelen til topps på listene. Songtittelen er namnet på ei gate i heimbyen til bandet, Liverpool. Området rundt gata vert òg ofte kalla Penny Lane.

McCartney og Lennon voks begge opp i dette området og dei møtte kvarandre ved Penny Lane då dei skulle ta bussen inn til byen. Gata er i dag ein turisattraksjon i byen, og gateskiltet vart så ofte stole at styresmaktene i byen til slutt valde å i staden måle gatenamnet på ein bygning. I 2007 var derimot skiltet tilbake på plass.

I 2010 sette musikkmagasinet Rolling Stone songen på 456. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[8]

Remove ads

Medverkande

I følgje Ian MacDonald:[9]

The Beatles
Andre musikarar

I august 1987 vart pikkolotrompeten Mason brukte på «Penny Lane» og to andre Beatles-songar («All You Need Is Love» and «Magical Mystery Tour») seld på ein auksjon på Sotheby's for 10 846 amerikanske dollar.[10]

Remove ads

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1967), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads