Strykeorkester

From Wikipedia, the free encyclopedia

Strykeorkester
Remove ads

Eit strykeorkester er eit orkester som berre består av strykeinstrument. Instrumenta i eit slikt orkester er ofte fiolin, som er delt inn i første- og andrefiolinistar (som vanlegvis spelar forskjellige partar), bratsj, cello, og vanlegvis, men ikkje alltid kontrabass.

Thumb
FSAF strykeorkester.

Strykeorkesster kan vere på storleik med kammerorkester og varierer mellom 12 (fire førstefiolinar, tre andre fiolinar, to bratsjar, to celloar og éin bass) og 21 musikarar (seks førstefiolinar, fem andrefiolinar, fire bratsjar og to kontrabassar). Stundom spelar dei utan dirigent. Det kan òg vere heile strykeseksjonen i eit stort symfoniorkester, som då består av 60 musikarar (16 førstefiolinar, 14 andrefiolinar, tolv bratsjar, ti celloar og åtte kontrabassar).[1]

Omgrepet Orchestra D'Archi blir ofte brukt om orkestertypen i internasjonal samanheng.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads