Stumble into Grace
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stumble into Grace er det tjuande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve 23. september 2003 på Nonesuch Records. Det nådde sjetteplassen på Billboard countryalbum-lista. Som føregangaren Red Dirt Girl var mange av songane på albumet skrivne av Harris sjølv.
Albumet vart produsert av Malcolm Burn, som òg hadde produsert Red Dirt Girl, og som ho hadde gjort sidan Wrecking Ball i 1995 er country-preget på albumet mindre med meir vekt på folk, indiepop og verdsmusikk.[2]
Albumet fekk generelt god kritikk då det kom ut og har ein samla score på 87 av 100 på Metacritic. Allmusic skreiv om albumet: «Etter tre tiår som eit talent i verdsklasse, er det mest oppmuntrande at Harris ikkje berre lagar noko av den finaste musikken i karrieren sin i ei tid då mange artistar stod i ro, men ho utfordrar samstundes forventningane til henne. Stumble into Grace viser at ho framleis er på topp.»[2]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Emmylou Harris - vokal, akustisk gitar, 6-strengs bassgitar
- Tony Hall - bass, gitar, korvokal
- Brady Blade - trommer, korvokal
- Ethan Johns - trommer, elektrisk gitar
- Julie Miller - korvokal
- Jane Siberry - korvokal
- Malcolm Burn - bass, elektrisk gitar, piano, plystring, churanga, perkusjon, munnspel, Fender Rhodes, B2-orgel, korvokal
- Buddy Miller - akustisk gitar, elektrisk gitar
- Kate McGarrigle - trekkspel, akustisk gitar, korvokal
- Anna McGarrigle - trekkspel, korvokal
- Daryl Johnson - perkusjon, bass, korvokal
- Daniel Lanois - pedalsteelgitar, elektronisk orkester, korvokal
- Bernie Leadon - elektrisk gitar
- Linda Ronstadt - korvokal
- Kevin Salem - elektrisk gitar
- Colin Linden - elektrisk gitar
- Gillian Welch - korvokal
- Jill Cunniff - korvokal
- Teknisk
- Joe West - lydteknikar
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads