Styx av Styx
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Styx er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske rockebandet Styx. Albumet kom ut i 1972.
Remove ads
Bakgrunn
Gruppa starta som eit coverband som spelte på bryllaup og bursdagsfestar. Dei kalla seg sjølv «The Tradewinds» i 1961, då bandet bestod av dei 12 år gamle Chuck og John Panozzo, som spelte høvesvis bassgitar og trommer, og naboen, den 14 år gamle Dennis DeYoung på klaverinstrument, trekkspel og vokal. Dei kalla seg seinare «TW4», etter dei fekk med seg college-venen John Curulewski i 1968, og hardrockaren James «J.Y.» Young i 1970, som gitaristar, låtskrivarar og songarar i bandet.
Albumet synte bandet som eit progressivt kunstrock- og 60-tals garasjerockband. Albumet inneheld den 13 minuttar lange «Movement for the Common Man», og J.Y.-songen «Children of the Land». Det inneheld òg ein perkusjonssolo av John Panozzo, gateintervju frå Chicago i «Street Collage», og ei symfonisk rockeutgåve av «Fanfare for the Common Man» og det progressive visestykket «Mother Nature's Matinee» sungen av DeYoung og skrive av Young og DeYoung.
Den livlege poprocksongen «Best Thing» var skriven av DeYoung og Young og kom ut på singel seint i 1972. Denne nådde 82. plassen på den amerikanske singellista.
Resten av songane på albumet bestod av coverversjonar som plateselskapet føreslo at dei skulle spele. Bandmedlemmane sa dei aldri hadde høyrt desse før.
Albumet kom ut på ny i 1980 med tittelen Styx I med nytt plateomslag. Seint i 2012 kom albumet ut att på CD og digital nedlasting, i lag med Styx II (1973), The Serpent Is Rising (1973) og Man of Miracles (1974).
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Styx
- Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument
- James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar
- John Curulewski – vokal, elektrisk og akustisk gitar
- Chuck Panozzo – bassgitar
- John Panozzo – trommer, perkusjon
Produksjon
- Produsentar - John Ryan, Bill Traut
- Lydteknikar - Marty Feldman, Barry Mraz
- Miksing - Barry Mraz, John Ryan
Salslister
Singlar - Billboard (USA)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads