Sunny Afternoon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sunny Afternoon» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies.[1] Songen vart seinare gjeven ut på albumet Face to Face. Den tydelege varietéstilen og tekstinnhaldet var ei ny retning for bandet (som hadde starta året før med «A Well Respected Man»), etter at bandet starta med langt meir tyngre rock i 1964-1965.
Songen kom ut 3. juni 1966 og gjekk til topps på den britiske singellista 7. juli 1966, og vart liggande der to veker. Han gjekk òg til tops i Irland og var den einaste førsteplassen The Kinks fekk i Noreg der han låg fire veker på topp. «Sunny Afternoon» vart plassert på 200. plass på Pitchfork Media si liste over dei 200 største songane på 1960-talet.[2]
Det vart filma ein musikkvideo for singelen, som ironsk syner bandet i eit kald og snørikt miljø.
Remove ads
Salslister
Andre versjonar
Songen er blitt spelt av mange andre artistar som:
- The Standells i 1967 på albumet deira The Hot Ones!
- Jan and Dean på albumet deira Silver Summer (1985)
- Jimmy Buffett på hans Fruitcakes (1994)
- Arjen Anthony Lucassen på hans Strange Hobby (1997)
- Tommy Scott i ein duett med in a duet Tom Jones på Joness itt Reload (1999)
- Stereophonics som B-side til singelen «Just Looking» i 1999.
- Bob Geldof på CD-samlinga Great Songs of Indifference (2005)
- The Cat Empire framførte songen for Triple J sin «Like A Version»-serie i 2009.
- Drake Bell framførte songen på The Ring Master[8] og i 2014 på albumet hans Ready, Steady, Go!
- Nellie McKay i 2015 på albumet hennar My Weekly Reader.
- Os Baobás på albumet deira Os Baobás (1968).
Det er skrive to norske versjonar av songen. Den første vart skriven av Jahn Teigen, Herodes Falsk og Tom Mathisen i Prima Vera i 1978 og kalla «Svunnen tid». Den andre vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Solen over by'n» og spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs i 2004.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads