Surfbeat
album av The Challengers From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Surfbeat var debutalbumet til den Los Angeles-baserte surferockgruppa The Challengers. Dei spelte inn albumet på berre tre og ein halv time i studio mot slutten av 1962. Albumet kom ut tidleg i 1963 og vart raskt populært, og var med på å gjere surfemusikken populær. Det var lenge vanskeleg å få tak i, og i 1994 gav Sundazed Records ut albumet på CD med to bonusspor.
Albumet består berre av coverversjonar med songar av The Fireballs og Duane Eddy. Debutplatene til The Beach Boys, Surfin' Safari og Dick Dale & His Del-Tones, and Surfers' Choice kom ut berre få månader før Surfbeat. Songar frå begge desse er med på dette albumet.
To songar på albumet, «Vampire» og «Kami-Kaze» er orignale songar av The Bel-Airs, bandet som The Challengers oppstod ut frå. Gitaristane og saksofonisten er dei einaste som ikkje var med i The Bel-Airs. Dei to songane var skriven av Bel-Airs gitaristen Paul Johnson,[1] som hadde tette band til bandet, og som seinare spelte med dei på andre prosjekt. Albumet inneheld òg ein versjon av The Bel-Airs sin «Mr. Moto», den einaste hitten dette bandet hadde.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Glenn Grey: sologitar (utanom #2 og #11)
- Don Landis: rytmegitar (utanom #2 og #11)
- Jim Roberts: piano og orgel
- Randy Nauert: bassgitar
- Richard Delvy: trommer
- Nick Hefner: saksofon (berre på #9)
- Paul Johnson: sologitar (på #2 og #11)
- Eddie Bertrand: rytmegitar (på #2 og #11)
- ukjend: saksofon (på #2 og #11)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads