Sweet Child

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sweet Child er eit dobbeltalbum frå 1968 av det britiske folkrockbandet Pentangle: Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Den eine plata var eit konsertopptak frå Royal Festival Hall, som fann stad den 29. juni 1968: Den andre var spelt inn i studio. Materialet er det mest vidtspennande av alle albuma til Pentangle og inneheld folkeviser, jazzklassikarar, blues, tidlegmusikk og Pentangle sine eigne songar.

Meir informasjon Pentangle-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Av dei tradisjonelle songane finn ein spiritualen «No more my Lord» (kjend i somme versjonar som «Never turn back»). Her er songen understøtta av eit nesten melodisk trommemønster av Cox, medan McShee syng. «Watch the Stars» er ein annan tradisjonell amerikanske song, sungen som ein duett mellom McShee og Renbourn, som òg akkompagnerer med fingerspel på elektrisk gitar. «The Time Has Come» er ein song som høyrer til folkesjangeren, men er skriven av visesongaren Anne Briggs. Britisk folkemusikk er representert med «So Early in the Spring», «Sovay», den skostke «I Loved a Lass», «The Trees They do Grow High» og «Bruton Town».

Albumet inneheld to stykke av jazzmusikaren Charles Mingus. Den eine er «Goodbye Pork Pie Hat», Mingus si hyllest til Lester Young, fritt tolka som ein gitarduett av Jansch og Renbourn, som dei tidlegare hadde spelt i lag på albumet Bert And John. Den andre er «Haitian Fight Song», spelt som ein dramatisk solo av Thompson på kontrabass.

McShee og Renbourn syner at dei kan blues med ein livleg versjon av Furry Lewis-songen «Turn your money green», der Renbourn spelar gitar. Det andre bluesnummeret er «I've Got a Feeling», som er basert på ein standard 12-takts struktur, men som er i ein uvanleg 3/4-takt. Renbourn speler eit par stykke med tidlegmusikk, mellom anna William Byrd sin «Earl of Salisbury's Pavan», der Cox spelar klokkespel.

Av bandet sine eigne komposisjonar finn ein nokre solostykke, som Jansch sin «A Woman like You»" og Cox sin «Moon Dog». Sungen av Cox med seg sjølv på trommer, er det ei hyllest til den blinde amerikanske gatemusikanten Moondog. Her er òg nokre instrumentalar, «No Exit», «In Time», «Hole in the Coal» og «Three Part Thing».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Pentangle

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads