The Pentangle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Pentangle var debutalbumet til Pentangle frå 1968 med Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det førte saman den einskilde interessa for folk, jazz, blues, tidlegmusikk og samtidig låtskriving til ein unik stil. Teksten i plateomslaget, skriven av John Peel, seier:

«Er det naudsynt å snakke om «blandingar av tradisjonelle folkemusikkformer», «musikalsk nyskaping», «felles utforsking» og slikt som det? Svar 'nei' på seksti ord eller mindre. Spel denne plata for dei du er glad i.»
Denne artikkelen handlar om albumet frå 1968. For det britiske folkrockbandet, sjå Pentangle.
Meir informasjon Pentangle-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Då albumet vart spelt inn, var medlemmane i Pentangle alt dyktige musikarar, kvar innan sitt felt, og hadde spelt saman i forskjellige kombinasjonar: Jansch og Renbourn var alt respekterte soloartistar og spelte ofte i lag, mellom anna på albumet Bert And John. McShee hadde sunge på vise- og bluespubar og klubbar og hadde spelt inn musikk i lag med Renbourn på Another Monday. Cox og Thompson var erfarne studiomusikarar og hadde spelt i lag i bandet til Alexis Korner.

Richie Unterberger sa om albumet: «Om det var meir ei folk-jazz-blues-blanding enn det var folkrock, så rocka det unekteleg med ein god rytme, og det vart framført med vokalharmoniar, vokal- og instrumentalsoloar, og ein vågal, uærbødig and som umiddelbart slo an hos rockeorienterte lyttarar. Og rockelyttarane, framfor viselyttarane, utgjorde truleg størstedelen av publikumet til Pentangle. Albumet nådde akkurat ikkje Topp 20 i Storbritannia[4]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Pentangle
Teknisk
  • Produsent: Shel Talmy
  • Design: Osiris (Visions) Ltd.
  • Fotografi: Robert Dowling
  • Notat i omslaget: John Peel

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads