Swing Low, Sweet Chariot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Swing Low, Sweet Chariot» er ein negro spiritual frå USA. Han er kjend frå ei rekkje samfunn og frå over 60 innspelingar utført av artistar som B.B. King, Etta James, Sam Cooke, Johnny Cash, Eric Clapton, Stevie Wonder, Nina Simone og Beyonce.[1][2]

Den eldste kjende innspelinga fann stad i 1909, av Fisk Jubilee Singers. I 2002 valde Library of Congress ut denne innspelinga som ei av 50 til å inkludera i National Recording Registry det året. Han er også teken med på lista Songs of the Century laga av Recording Industry Association of America og National Endowment for the Arts.
Songen er offisiell delstatsgospelsong for Oklahoma.[3] Songen blir også brukt som uoffisiell nasjonalsong av det engelske rugbylandslaget, og blir ofte sungen av tilskodarar ved rugbykampar.[1][2]
Remove ads
Historie
Songen er kjend frå 1800-talet. Han har ukjend opphav, men Wallace Willis, ein frigjort slave, er blitt omtalt som diktaren. Presten Alexander Reid ved Old Spencer Academy, skreiv ned «Swing Low, Sweet Chariot» og «Steal Away» etter at han hadde høyrd Willis synga dei. Han sende avskriftene til Jubilee Singers ved Fisk University i Nashville i Tennessee. Gruppa gjorde begge songane kjende gjennom turnear i USA og Europa, og «Swing Low, Sweet Chariot» blei ein signatursong for gruppa.[4] Songen blei først gjeven ut skriftleg i 1870, og i songbøker frå Fisk University Jubilee Singers.
Ei anna opphavssoge knyter songen til Ella Shepard, ein av grunnleggjarane av Jubilee Singers. Shepard var dottera av ein slave som hadde frikjøpt seg sjølv og ei kvinne som framleis var slave i Tennesse. Faren hadde klart å kjøpta fri Ella. Då mora fekk høyra at ho kom til å seljast til ein stad lenger sør, og skiljast frå familien, ville ho ifølgje soga drukna seg sjølv og barnet i elva. Ho blei overtalt av ei eldre kvinne til å ikkje gjera det, som mellom anna sa «let de chariot of de Lord swing low.»[5]
«Swing Low, Sweet Chariot» var utbreidd i afroamerikanske kyrkjer [6] På 1950-talet fekk han ei ny tyding for den amerikanske borgarrettsrørsla.[7] Han blei også sungen blant andre grupper, som walisiske mannskor og i britiske pubar og klubbar.[7] Han var mellom anna kjend i rugbyklubbar, og i 1988 braut Twickenham stadion ut i songen då England spelte mot Irland. Det er oppgjeve ulike opphavspersonar og grunnar for allsongen. Ei gruppe tilhengjarar frå Market Bosworth RFC skal ha byrja å sunga songen, som dei kjende frå rugbyklubben sin. Det blir også ofte fortald at ei gruppe frå Douai Abbey, som hadde Swing Low som skulesong, song Sweet Low under denne kampen.[1] Synginga kan ha samband med at spelaren Chris Oti, den første farga spelaren for England på fleire tiår, skåra eit hat-trick i denne kampen, og bidrog at England gjekk frå å liggja under 3-0 ved pausen til å vinna 35-3.[8] Etter denne hendinga kom songen inn på repertoaret til engelske rugbysupporterar, og blei etterkvart teken i bruk av den nasjonale idrettsorganisasjonen Rugby Football Union.[7]
7. februar 2011 blei songen utnemnd til offisiell gospelsong for den amerikanske delstaten Oklahoma. Den moglege songskrivaren Wallace Willis budde i eit område (Indian Territory) som seinare blei del av delstaten.[9][10]
Remove ads
Tekst
«Swing Low, Sweet Chariot» er ein call and response-song der ein forsongar typisk syng første og tredje linja av melodiverset, og dei andre songarane kvar gong svarer med den gjentakande linja «Coming for to carry me home». Han skil seg frå mange andre call and response-songar ved å syngast sakte og roleg.[11]
- Refreng:
Swing low, sweet chariot
Coming for to carry me home
Swing low, sweet chariot
Coming for to carry me home
I looked over Jordan, and what did I see?
(Coming for to carry me home)
A band of angels coming after me
(Coming for to carry me home)
- Refreng
If you get there before I do
(Coming for to carry me home)
Tell all of my friends, that I'm coming there too
(Coming for to carry me home)
- Refreng
Remove ads
Tolking
Songen er inspirert av bibelsoga om profeten Elia som blir henta til himmelen i ei eldvogn.[12] Songaren uttrykker eit ønske om å også få koma «heim» til himmelen. Som mange andre spiritualar fortel han om ein person som vil flykta, anten gjennom ei bokstaveleg flukt eller gjennom døden.[2]
Liknande tema er kjende frå spiritual-songane «Chariot is coming»/«Good News, the Chariot's Coming» og «Ride up in the chariot».
Versjonar og variantar
Frå omlag 1960-talet er det kjend ein variant av songen med miming, både frå rugbymiljøet og militæret. Først syng ein songen medan ein mimer kvart ord, deretter nynner ein han medan ein mimer, og til slutt er ein stille medan ein mimer. Nokre av mimerørslene kan vera vulgære.[13]
Andre versjonar av songen er Swing Low, Sweet Cadillac, framført av Dizzy Gillespie i 1967, eller Swing Down Sweet Chariot, ein raskare og meir humoristisk song som mellom anna er blitt framført av Elvis Presley.
Remove ads
Innspelingar
Fisk University Jubilee Quartet utførte ei poulær tidleg innspeling[14] for Victor Records (No. 16453) den 1. desember 1909[15] Apollo Jubilee Quartette spelte han inn den 26. february 1912 for Columbia Records (A1169) i New York by.[16][17]
Seinare har ei rekkje ulike artistar spelt inn songen i forskjellige stilar. Paul Robeson spelte inn ein versjon 7. januar 1926 for Victor (No. 20068).[18] Bing Crosby spelte inn ein versjon 25. april 1938,[19] medan Peggy Lee gav ut ein versjon i 1946.[20] Louis Armstrong hadde ein versjon på albumet Louis and the Good Book frå 1958, Sam Cooke på Swing Low frå 1961, Kenny Ball and His Jazzmen på The Kenny Ball Show frå 1962.
Eric Clapton
Den britiske rockemusikaren Eric Clapton spelte inn ein reggaeversjon av songen til albumet There's One in Every Crowd frå 1975. RSO Records gav det ut som ein singel med B-sida «Pretty Blue Eyes» i mai det året, produsert av Tom Dowd.[21] Clapton sin versjon kom på ulike singellister, mellom anna i Japan, Nederland, New Zealand og Storbritannia.
Bruk i samband med verdscupen i rugby
Songen blei spelt inn av «Union featuring the England World Cup Squad» då England deltok i verdscupen i rugby i 1991. Han nådde 16. plassen på UK singles chart.
For tevlinga i 1995 blei han spelt inn på nytt av den britike reggaeduoen China Black saman med det sørafrikanske koret Ladysmith Black Mambazo.
I 2003 blei han spelt inn av UB40 og United Colours of Sound. Han nådde først 23. plass på topplista, men etter at England vann tevlinga kom han tilbake på lista og nådde 15. plassen.[22][23]
Blake spelte inn ein ny versjon for verdscupen i 2007. For verdscupen i 2011 på New Zealand laga Our Lady Muse (O.L.M) ein festversjon av songen med ekstra verstekst.
I samband med verdscupen i rugby i 2015 gav den engelske songaren Ella Eyre ut ein versjon av songen for digital nedlasting den 7. september 2015, i lag med England Rugby. Songen skulle tena inn pengar til England Rugby sitt All Schools-program.
Remove ads
Songen i film og biletkunst

Songen har inspirert måleri av Malvin Gray Johnson og William H. Johnson (1901–1970)[24]
Han har også blitt brukt i ei rekkje filmar:
- 1931: Dirigible, sungen av Clarence Muse[25]
- 1936: Dimples, nynna av Hall Johnson Choir[26]
- 1936: The Lonely Trail, sungen av eit kor[27]
- 1938: Everybody Sing, swingversjon sungen av Judy Garland i blackface på ein audition, med annan tekst.[28]
- 1938: Room Service, sungen av Marx Brothers[29]
- 1943: Dixie, sungen Bing Crosby og eit kor[30]
- 1950: Young Man with a Horn, sungen av eit kor[31]
- 1976: The Shaggy D.A., sungen av ein hund i eit hundepensjonat[32]
- 1982: Honkytonk Man[33]
- 1993: Addams Family Values, sungen av Gomez Addams (spelt av Raúl Juliá) på dødsleiet.[34]
- 2016: The Birth of a Nation[35]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads