Take It to the Limit av Eagles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Take It to the Limit» er ein song av Eagles frå det fjerde albumet deira, One of These Nights. Det var den tredje singelen frå albumet og kom ut 15. november 1975. Songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og vart den største suksessen til Eagles i Storbritannia, der han nådde 12. plassen på singellista. Billboard rangerte songen på 25. plassen for 1976.[1]
Songen vart skriven av Randy Meisner, Don Henley og Glenn Frey. Meisner, som song solovokal, sa at songen byrja som hans eigen song. Då han var uferdig medan dei spelte inn One of These Nights, hjelpte Henley og Frey Meisner med å skrive songen ferdig.
Remove ads
Eagles-innspelinga
«Take It to the Limit» er den einaste A-sida som Meisner syng solo på, og den første singelen til Eagles der verken Henley eller Frey syng solo. Det var òg den siste Eagles-singelen med Bernie Leadon før han slutta og vart erstatta av gitaristen Joe Walsh. Singelversjonen er 3:48 lang, mesten eitt minutt kortare enn albumversjonen. «Take It to the Limit» er ein av få Eagles-songar som er skriven i valsetakt.[2]
Meisner slutta i bandet etter Hotel California-turneen i september 1977.[3] I følgje Eagles-biografien To the Limit: The Untold Story of the Eagles, var songen årsaka til ein stor krangel mellom Frey og Meisner under turneen. Frey meinte at Meisner burde synge dei høge tonane på slutten av songen, fordi fansen elska det. Meisner mislikte å bli fortalt kva og korleis han skulle synge, men likte å spele songen. Under ein av dei siste konsertane til Meisner med Eagles sloss Frey og Meisner bak scenen om denne songen. Songen vart sidan spelt av Eagles att seint i 1999 og i 2004-2005, då sungen av Glenn Frey.
Songen vart spelt inn på nytt av Meisner for det første soloalbumet hans, Randy Meisner, med tenåringsidolet David Cassidy på korvokal.
Medverkande
- Randy Meisner: solovokal, bassgitar
- Glenn Frey: 12-strengs akustisk gitar, korvokal
- Don Henley: trommer, korvokal
- Don Felder: sologitar
- Bernie Leadon: elektrisk gitar
- Jim Ed Norman: piano
Lister
Willie Nelson og Waylon Jennings
Songen vart spelt inn av countryartistane Willie Nelson og Waylon Jennings som tittelsporet på duettalbumet deira Take It to the Limit, som kom ut i 1983.
Lister
Andre versjonar
- Dave Mason.
- Jill Lancaster i 1977 for Christo-dokumentarfilmen Running Fence.
- Etta James i 1977 .
- Cher spelte songen på den første soloturneen sin i 1979-1980 og igjen i 1989-1990 på Heart of Stone-turneen.
- Suzy Bogguss på albumet Common Thread: The Songs of the Eagles i 1993.
- Sarah Dougher i 1999 på albumet Day One.
- Richard Marx spelte ofte songen på konsertane sine. Ein av desse versjonane vart filma i 1987 med både Meisner og Timothy B. Schmit.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads