Take Me Bak 'Ome
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Take Me Bak 'Ome» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1972 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps på den britiske singellista som den andre singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i 13 veker.[2] Songen selde til sølvplate i Storbritannia i 1972.[3][4] I USA nådde songen 97. plassen og det vart den første songen deira som nådde Billboard Hot 100.[5][6] Songen kom sidan ut på samlealbumet Sladest i 1973.[7]
B-sida til singelen var «Wonderin' Y"» og var eksklusiv for singelen, fram til han kom ut på samleplata B-Sides.
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «Take Me Bak 'Ome» - 3:13
- «Wonderin' Y» - 2:48
- 7"-singel (Singapore E.P.)
- «Take Me Bak 'Ome» - 3:13
- «Wonderin' Y» - 2:48
- «Darlin' Be Home Soon» - 5:43
- «Know Who You Are» - 3:37
Salslister
Andre versjonar
- I 1973 spelte Vandyke Brown, Unicorn Express og Indigo Blue inn songen i lag med Slade-songane «Cum On Feel the Noize» og «Coz I Luv You» for albumet Million Copy Hit Songs Made Famous by Slade, T. Rex, Sweet.[16]
Medverkande
- Slade
- Noddy Holder - solovokal, rytmegitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads