Take Me to Your Heaven
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Take Me to Your Heaven» (norsk omsetjing: 'ta meg til din himmel'), også kjend som «Tusen och en natt», er ein svensk slagerlåt som vann Eurovision Song Contest 1999 for Sverige. Songen vart framført av artisten Charlotte Perrelli, då med etternamnet Nilsson. Songen er komponert av Lars Diedricson, mens Gert Lengstrand skreiv den svenske teksta og Marcos Ubeda skreiv den engelske. Songen fekk ingen stor kommersiell suksess etter sigeren, men tok seg inn på singellistene i fleire land. I Noreg nådde han ein tiandeplass på VG-lista.[2]
Remove ads
Eurovision Song Contest
«Take Me to Your Heaven» var eit av ti bidrag som deltok i svenske Melodifestivalen i Stockholm laurdag 27. februar 1999. Songen deltok då i svensk versjon med tittelen «Tusen och en natt». I avrøystinga kåra juryane og tv-sjåarane songen til ein klar vinnar med 217 poeng. Dimed ble «Tusen och en natt» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest i Jerusalem laurdag 29. mai same år.[3]
I den internasjonale finalen kunne deltakerlanda for fyrste gang sidan 1976 syngje på valfritt språk. «Tusen och en natt» vart omsett til engelsk og fekk tittelen «Take Me to Your Heaven». I finalen var songen det 15 bidraget på scena av 23 bidrag. På førehand var Island og Kypros store favorittar, mens det svenske bidraget vart sett på som gamaldags og utan vinnarsjanser.[4]
Men TV-sjåarane ville det annleis, og avrøystinga vart ein tett kamp mellom Island og Sverige. Då Bosnia-Hercegovina, som nest siste land, skulle røyste, gav dei 12 poeng til Sverige og ingen til Island. Dimed vann «Take Me to Your Heaven» Eurovision Song Contest med 163 poeng. Sverige fekk 12 poeng frå fem land, blant anna frå Noreg.[5]
Remove ads
Etter sigeren
«Take Me to Your Heaven» vart ingen stor kommersiell suksess, men tok seg likevel inn på singellistene i blant anna Belgia, Noreg, Sverige og Storbritannia. Songen toppa også Svensktoppen i heile åtte veker på rad.[6][7]
Charlotte Perrelli kom tilbake i Eurovision Song Contest i 2008 med låten «Hero», men ho vart berre nummer 18 i finalen.[8]
Listeplasseringar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads