Island i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Island i Eurovision Song Contest
Remove ads

Island debuterte i Eurovision Song Contest i 1986 og har delteke 33 gongar. Sidan debuten har Island vore fråverande to gongar; i 1998 og i 2002. Island er det einaste av dei nordiske landa som ikkje har vunne Eurovision Song Contest, men har til gjengjeld to andreplassar. Island har kome på sisteplass to gongar: i 1989 og i 2001.[1] Island kvalifiserte seg ikkje til finalen i åra i 2015-2018, men lykkast å ta seg til finalen i 2019 med Hatari og «Hatrið mun sigra».

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads
Remove ads

Historie

Island var det siste av dei vesteuropeiske landa til å debutere i Eurovision Song Contest, om ein ser vekk frå lilleputtstatane Andorra og San Marino. Islandsk rikskringkasting, RÚV, sendte riktignok tevlinga i opptak kvart år frå 1970, og direkte frå 1983. Grunnen til at Island kom så seint inn i Eurovision Song Contest, var på grunn av den geografiske plasseringa til Sagaøya - langt unna nettverket til Eurovisjonen og at dei var utan eit fast satelittsamband til Kontinentet.[2]

I byrjinga av 1980-talet kom imidlertid satelittsambandet på plass, og Island melde seg på Eurovision Song Contest 1986 i Bergen. Landet debuterte med trioen ICY og songen «Gleðibankinn». Island vart nr. 16 av 20 deltakande land, og to nye sekstandeplassar følgde dei to neste åra. I 1989 havna Island på sisteplass for fyrste gong, men året etter sikra Island sin fyrste topp fem-plassering, då duoen Stjórnin vart nummer fire med songen «Eitt lag enn».

Sidan 1990 har Island stort sett havna midt på, eller i nedre halvdel på resultatlista. Unntaka kom med andreplassane i 1999 og 2009; begge gongane vart Island slått av ein av sine nordiske naboar - høvesvis Sverige og Noreg. per 2020 er Island det einaste nordiske landet som ikkje har vunne Eurovision Song Contest.

Island har også havna på sisteplass tre gongar, to i finalen og ein gong i semifinalen. Fyrste gongen var i 1989, då fekk Island fekk null poeng. Ein ny sisteplass kom i 2001 - delt med Noreg. Sisteplassen gjorde at Island måtte stå over tevlinga i 2002. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Island kvalifisert seg til finalen ni av seksten gongar. I perioden 2015 til 2018 klarte ikkje Island å kvalifisere seg til finalen. I 2018 havna dei i tillegg på sisteplass i sin semifinale.

Island er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest utan ein siger. Berre Kypros med sine 36 deltakingar har fleire forsøk i tevlinga uten å ha vunne.[3]

Kontroversar rundt artistar

Trass i storleiken til landet og sin beskjedne rolle i internasjonale konfliktar og situasjonar, har to islandske Eurovision-artistar skapt store kontroversar rundt tevlinga. Fyrste tilfelle var i Athen i 2006, då den islandske artisten, komikerkarakteren Silvía Nótt, vart møtt med kraftig buing frå det greske publikummet etter si opptreden i semifinalen. Bakgrunnen var at mange vart provosert over rolla ho spelte under intervjua og prøvane i dagane før tevlinga. Silvía Nótt skulle vere ei sjølvgod, overlegen diva som var overtydd om at ho kom til å vinne. Under ein pressekonferanse gjorde ho seg upopulær blant grekarane, då ho fekk livvaktene til å fjerne ein journalist for å ha «stirra ho i auga».[4] Journalisten viste seg å vere ein skodespelar, men det kom ikkje fram i dei lokale nyheitsreportasjane i Hellas. Nótt truga også med å banne under framføringa, men EBU åtvara ho mot stuntet. Under framsyninga i semifinalen, styra ho unna banneord, men ho kvalifiserte seg ikkje til finalen.[4][5]

Tretten år seinare, i Tel Aviv i 2019, gjorde det islandske bidraget seg nok ein gong upopulære blant det lokale publikummet i vertslandet. Island vart representert av den anti-kapitalistiske techno-metall-gruppa Hatari, som på førehand hadde truga med politiske stunt for å protestere mot Israel si okkupasjon av palestinske område. Blant anna utfordra gruppa statsminister Benjamin Netanyahu til brytekamp og kom med fleire politiske ytringar.[6] Tevlinga skal dere upolitisk, og arrangøren EBU åtvara Hatari om at dei hadde «nådd grensa om kva EBU kunne tolerere». Under røystegjevinga i finalen holdt gruppa opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og vart møtt med kraftig buing og piping frå publikum. EBU varsla også at flaggstuntet ville «få konsekvensar».[7] Under avstemningen i finalen holdt bandet opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og ble møtt med kraftig buing og piping fra publikum.[8] EBU varslet også at flaggstuntet ville «få konsekvenser».[9]

Remove ads

Bidraga

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk (1986-2021)

Meir informasjon Nr., Land ...

Galleri

Referansar

Loading content...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads