Tana kyrkje

kyrkje i Tana kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Tana kyrkje
Remove ads

Tana kyrkje er ei langkyrkje frå 1964 i Rustefjelbma i Tana kommune i Finnmark fylke. Den noverande kyrkja er bygd i tre med 300 plassar. Arkitekt var Esben Poulsson. Ho har ein 26 meter høg frittståande klokkestopul. Taka er dekte med altaskifer. Altartavla er måla av Terje Grøstad.

Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Remove ads

Historie

Thumb
Kyrkjestaden med gamle Tana kyrkje.
Thumb
Tana kyrkje i april 2014.
Foto: Helge Høifødt

Kyrkja vart vigsla i 1964. Ho erstatta den gamle kyrkja, som blei brend av tyske soldatar i 1944 under tvangsevakueringa av Finnmark og Nord-Troms i 1944. Totalt kjenner ein til fire kyrkjer som har vore på staden: Ei frå ca. 1720, ei frå 1851, ei frå 1892 og den siste frå 1964.[1]

Ein kan komme til staden via Riksveg 98 og Fv281.

Remove ads

Krigsminnesmerket «Muitu»

Krigsminnesmerket «Muitu» ('Erindring') ved Tana kyrkje blei avduka 24. oktober 2014. Minnesmerket er laga av den samiske kunstnaren Annelise Josefsen, som fekk oppdraget av Tana historielag. Det er reist til minne om den tyske okkupasjonsmakta sine overgrep i Noreg under andre verdskrigen, då alle husa blei brende ned og fastbuande folk blei tvangsevakuerte eller drivne på flukt, og den påfølgjande frigjeringa av Aust-Finnmark hausten 1944.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads