Tebnine

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tebnine
Remove ads

Tebnine (arabisk تبنين, òg skrive Tibnin) er ein landsby i Libanon som ligg i hjartet av Jabal Amel, i Bint Jbeil distrikt i Nabatieh guvernement, kring 25 km aust for Tyr.

Kjappe fakta Land, guvernement ...

Innbyggjarane er hovudsakleg sjiamuslimar og katolikkar. Innbyggjartalet er estimert til kring 5000.

Remove ads

Historie

Landsbyen er nemnd som Tibenis av den franske mellomalderhistorikaren Guillaume De Tyr, noko som indikerer at staden fanst før krosstoga fann stad.[1] Historikaren Chauvet hevdar at historia til landsbyen går attende til kanaanittisk tid, men siterer ingen kjelder for dette.[1] Landsbyen var eit senter for krossfararane som bygde ei borg på staden.

Under krigen mellom Israel og Libanon i juli 2006 vart mange heimar i Tebnine øydelagd.

Thumb
Krossfararborga i Tebnine.

Hugo av St. Omer (òg kalla Hugo av Falkenberg), vart andreprins av Galilea og guvernør i Tiberias og organiserte mange åtak mot Tyr, men styrkane hans vart alltid trøytte av den lange avstanden mellom basen hans i Tiberias og måla hans på kysten. Han fekk bygd ei borg i 1106 for å søke tilfukt mot forfølgjaren sine.[2] Borga fekk namnet Toron, som på gammal fransk tyder isolert eller åstopp. Hugo bygde òg borga som ligg på ein bratt åstopp aust for Tibnine i eit område kalla Al Hosn. Borga vart sidan erobra av Saladin i 1187 og teken attende at av frankarane i 1229. Mamelukkane under sultan Al-Zahir Baibars av Egypt tok til slutt borga i 1266 etter Safed falt og ho vart verande på arabiske hender til osmanarane gjorde det til eit fengsel.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads