Tehrik-i-Taliban Pakistan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tehrik-i-Taliban Pakistan
Remove ads

Tehrik-i-Taliban Pakistan ('Taliban-rørsla i Pakistan'), ofte kjend som Pakistansk Taliban, er ei samanslutning av militante pakistanske islamistgrupper med base i Dei føderalt styrte stammeområda nordvest i Pakistan. Mange, men ikkje alle, pakistanske Taliban-grupper sluttar seg til TTP.[4] Gruppa har mellom anna som mål å kjempa mot den pakistanske staten og NATO-leidde styrkar i Afghanistan og innføra si tolking av sjaria.[5][6][7]

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...

Gruppa har utført fleire blodige åtak som er blitt møtt med internasjonalt sjokk og fordømming, til dømes då dei skaut skulejenta og aktivisten Malala Yousafzai og klassekameratar av henne i oktober 2012, eller då dei massakrerte over 100 barn ved ein skule i Peshawar i desember 2014.[8]

Tehrik-i-Taliban Pakistan er ikkje direkte knytt til afghansk Taliban. Gruppene har ulike opphav og interesser, og TTP er lausare organiserte enn Taliban. Dei har samstundes likskapar, som ein hovudsakleg pasjtunsk medlemskap og mange liknande mål.[7][9][10] Mellom anna kjempar ikkje afghansk Taliban mot den pakistanske staten.[9] TTP sine åtak mot skulebarn er også blitt kritiserte av afghansk Taliban.[11]

Remove ads

Historie

TTP blei skipa i 2002 då det pakistanske militæret gjennomførte streiftog i stammeområdene der de holdt til for å kjempa mot utanlandske militante som kom over grensa frå Afghanistan.[5][12] Mange lokale stammefolk oppfatta aksjonane som åtak mot deira sjølvstyre. Dei vende seg mot militæret, og det same gjorde utanlandske militante veteranar frå krigen i Afghanistan.[12][7] TTP-grupperinga stod også bak drap på mange stammeleiarar som var imot dei.[6]

I desember 2007 erklærte Tehrik-i-Taliban Pakistan seg offisielt som ei gruppe med Baitullah Mehsud som leiar.[6]

Grupperinga blei forboden av pakistanske styresmakter 25. august 2008. Bankkontoar og eigedelar blei frosne og dei mest framtredane medlemmane av TTP blei etterlyste med dusør.[13] 1. september 2010 klassifiserte USA TTP som ein terrororganisasjon. Dette gjorde det kriminelt å hjelpa eller handla med gruppa, og gjorde at USA kunne frysa midla deira.[14][15] I januar 2011 klassifiserte også Storbritannia gruppa som ein ulovleg terrororganisasjon.[16]

Thumb
Skisenter øydelagd av TTP i Swat.

Ei gruppe militante islamistar leia av Maulana Fazlullah byrja terrorisera Swat-dalen i 2007, og tok etterkvart kontroll over store delar av området. Gruppa la ned strenge påbod og forbod, nytta vald og avrettingar, og var særskild ute etter å stenga og øydeleggja jenteskular.[17] Det var etter å ha blitt kjend for å gjera motstand mot dette at Malala Yousafzai seinare blei skoten i Mingora i Swat. Etter å ha hatt ei viss forståing i ei tid, gjekk hæren inn for å driva Taliban ut av området i 2009.[18]

Medan Tehrik-i-Taliban Pakistan har kjerneområdet sitt i stammeområde nordvest i Pakistan, har dei også gjort seg gjeldande i hamnebyen Karachi.[19] 9. juni 2014 angreip gruppa flyplassen i Karachi og tok kontroll over han. Flyplassen blei gjenerobra av pakistanske styrkar etter flere timars kamp. 15. juni 2014 byrja den pakistanske hæren ein offensiv, operasjon Zarb-e-Azb, mot militante opprørarar i Nord-Waziristan. I november same året byrja hæren også operasjonar i Khyber-distriktet.[8] 16. desember utførte TTP eit åtak på ein militærskule i Peshawar. Minst 141 menneske blei massakrerte. Åtaket skulle vera ei gjengjelding mot hæren sin offensiv.[8]

Remove ads

Leiarar og splitting

Baitullah Mehsud var rekna som leiar for grupperinga frå 2007 til han blei drepen i eit amerikansk droneåtak i august 2009. Etter indre strid, og nektingar for at Baitullah var død, blei Hakimullah Mehsud utropt til ny leiar.[20] Hakimullah blei drepen i november 2013, og Maulana Fazlullah tok over leiarskapen.[21]

I februar 2014 braut ei gruppe jihadistar leia av Maulana Umar Qasmi frå TTP for å skipa Ahrar-ul-Hind. Dette var ein protest mot at TTP forhandla med dei pakistanske styresmaktene.[22] I mai same året braut Mehsud-fraksjonen leia av Khalid Mehsud ut for å danna Tehrik-i-Taliban South Waziristan i protest mot metodar som kidnapping, utpressing og bombeåtak.[23] Andre grupper har også forlate paraplyorganisasjonen for å forfølgja eigne mål og ideologiar. I oktober 2014 forlét talspersonen Shahidullah Shahid og fleire leiarar TTP og svor i staden truskap til Den islamske staten Irak og Levanten.[24]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads