Tejime
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tejime 手締め, også kalla teuchi 手打ち, er ein japansk rituell klappeskikk som blir brukt til å avslutta ulike samkomer. Klappinga finn ofte stad i lag med ein kort tale og entusiastiske utrop frå ein leiar.[1] Ein kan utføra tejime ved slutten av eit forretningsmøte, på auksjonar og børsar, ved ei høgtid eller eit festleg høve.[2] Seremonien kan avsluttast med ein applaus.

Former
Det finst ulike former for tejime, med ulike klappemønster:
- Itchō-jime (一丁締め), eit enkelt klapp
- Edo-tejime:
- Ippon-jime (一本締め), tre sett av tre raske klapp avslutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1).
- Sanbon-jime (三本締め), tre ippon-jime etter kvarandre, det vil seia tre sett av tre klapp avlsutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1 3-3-3-1 3-3-3-1).
Ein seremoni av sanbon-jime føregår slik:
- Ote wo haishaku (bokstaveleg 'lån av hendene')
- Iyō'o (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Arigatō gozaimashita (mange takk)
Ei anna form er Kansai-jime som føregår slik:
- Uchimahyo (klapp klapp)
- Mohitotsuse (klapp klapp)
- Iwaote sando (klapp klapp klapp, klapp, klapp, klapp, klapp, klapp klapp)
Andre former er mellom anna Ōsaka-jime (大阪締め) og Hakata te ippon (博多手一本), som blir utført ved Hakata-Gion Yamakasa-festivalen i Fukuoka.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads