Terra-skandalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Terra-skandalen var ein skandale som vart offentleg kjend i november 2007 og involverte spekulative investeringar av åtte norske kommunar i forskjellige hedgefond i den amerikanske aksjemarknaden.[1] Fonda var selde av Terra Securities til kommunane, mens produkta var levert av Citigroup. Dei involverte kommunane var Narvik, Rana, Hattfjelldal og Hemnes i Nordland, Vik og Bremanger i Sogn og Fjordane, Haugesund i Rogaland, og Kvinesdal i Vest-Agder. Dei er alle store vasskraftprodusentar.

Investeringa var komplisert og risikabel, då det var lite potensial for vekst og stort potensial for tap. Terra Securities, no konkurs, var eit underbruk av Terra Markets, som var 66,73 % eigd av Terra-Gruppen, ein allianse og merkevareselskap eigd av 78 sparebankar i Noreg. Dei siste 33,27 % eigde leiinga til selskapet. Citigroup er verdas største bank med base i USA.

Remove ads

Bakgrunn

I 2001 fann Vik kommune eit smutthol i Kommunelovgjevinga og investerte lånte pengar på aksjemarknaden, ved å først investere og seinare søke om løyve. Denne bruken av smuttholet var bekrefta av kommunaldepartementet i 2002, av di dei lånte pengane var sikra i framtidig inntekt. Vik lånte 70 millionar norske kroner igjennom Den norske Bank basert på avbetalingar på 10 millionar, sikra igjennom inntekter frå vasskrafta. Desse pengane var så investert i finansprodukt igjennom Terra Securities i 2001 og 2002.[2]

Same året, i 2001, lånte dei fire kommunane i Nordland pengar for å investere i kompliserte aksjar frå Citigroup og selde gjennom Terra Securities. Kommunane signerte ein konfidensialitetsklausul med Terra, som sikra at ingen uavhengig tredjepart kunne forsikre seg om kvaliteten på investeringane. Det har vore sett spørsmålsteikn ved om denne klausulen, under desse omstenda, kunne vere lovleg.

For Narvik kom delar av kapitalen ifrå 2002 og eit sal av 50 % av Narvik Energi, det kommunale kraftselskapet. Kjøparane var DONG Energy og HelgelandsKraft. Dei andre tre kommunane hadde eigarskap i HelgelandsKraft (Rana 26,8%, Hemnes 7,0 % og Hattfjelldal 2,5%) i tillegg til eigedomsskatt frå kraftstasjonar eigd av Statkraft. Desse kommunane investerte framtidige inntekter frå desse kjeldene.

Hovudrådgjevarane ifrå Terra var Knut Anders Opstad og Harald Norberg.[3] Sistnemnde vart bøtelagt av Økokrim tidleg på 90-talet for ulovleg sal av obligasjonar til private enkeltpersonar.[4] Dei prøvde å selje investeringspakkar til alle kommunar med kraftinntekter ved å kontakte Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, men vart bortvist av oranisasjonen.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads