Terry Britten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Terry Britten
Remove ads

Terence Ernest «Terry» Britten (fødd 1947)[1][2] er ein engelsk songar-låtskrivar og plateprodusent, som har skrive songar for Tina Turner, Cliff Richard, Olivia Newton-John, Status Quo og Michael Jackson mellom fleire andre.[3] Britten vann i lag med medlåtskrivar Graham Lyle Grammyprisen for årets song i 1985 med «What's Love Got to Do with It».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Career

Britten vart fødd i Manchester, men byrja å skrive for det australske band The Twilights i Adelaide, eit populært 60-talsband der han òg spelte sologitar.[4] Stundom skreiv han i lag med Glenn Shorrock og Peter Brideoake. Han spelte òg inn ein singel under sitt eige namn «2000 Weeks» / «Bargain Day» (1969).[5]

Britten var medlem av bandet Quartet med Kevin Peek, Alan Tarney og Trevor Spencer, som spelte inn eit album med Decca Records i Storbritannia, som ikkje er blitt gjeve ut. Det kom ut ein singel i 1969 på Decca i Storbritannia og Australia og London i USA: «Now» / «Will My Lady Come» (Decca UK-F12974,[6] Aust Y-8977, US London LON 1031) og ein andre singel i Storbritannia i 1970 kalla «Joseph» / «Mama Where Did You Fail» (Decca F13072).

Etter the Twilights vart oppløyst, reiste han attende til England og London, der han arbeidde som studiomusikar. Britten spelte på Alvin Stardust-hitten «My Coo Ca Choo» i 1973 og spelte med Cliff Richard i Eurovision Song Contest 1973 i lag med John Farrar, Alan Tarney og Trevor Spencer, der «Power to All Our Friends» hamna på tredjeplassen. Etter ein dårleg salsperiode for Cliff Richard, gav Britten han «Devil Woman» og i 1976 vart han den første topp 10-singelen til Richard i Storbritannia (og den første topp 10-hitten hans i USA).[7][8][9] Han var gitarist i bandet til Richard i mange år og var medprodusent og den viktigaste låtskrivaren for Richard på albumet Rock 'n' Roll Juvenile i 1979, som nådde tredjeplassen på UK Album Chart. Han skreiv og var medlåtskrivar med B.A. Robertson på 10 av 12 songar, med «Carrie» som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.[10]

Tidleg i 1980-åra vart den psykedeliske rockesongen til Britten, «9.50», henta fram att av Divinyls i Australia som B-sida til singelen «Good Die Young» i 1984.[11]

Med Graham Lyle skreiv Britten «What's Love Got to Do with It» og dette vart ein millionseljar for Tina Turner. «What's Love Got to Do with It» (1984) nådde tredjeplassen i UK Singles Chart[12] og førsteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og Britten og Lyle vann Grammyprisen for årets song i 1985. Han vann òg prisen for årets singel, som gjekk til Tina Turner.[13] Seinare det året skreiv dei i lag «We Don't Need Another Hero» for filmen Mad Max Beyond Thunderdome. Denne var òg sungen av Tina Turner, og songen nådde andreplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia.[12] Britten og Lyle vart nominert til ein Golden Globe for beste originale song i 1986. Turner vart òg nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong.[14] Han var òg plateprodusent for Turner.[15]

Britten var medlåtskrivar på «Just Good Friends» for Michael Jackson-albumet Bad.[16] Britten har òg skrive songar for Olivia Newton-John, inkludert «Love Make Me Strong» (1981)[17] og «Toughen Up» med Graham Lyle (1985).[18] Han har òg skrive for Meat Loaf, Melissa Manchester, Bonnie Raitt og Hank Marvin.[19]

Remove ads

Låtar som låtskrivar

  • «9.50» – The Twilights, Divinyls
  • «Absolutely Nothing's Changed» – Tina Turner
  • «Afterglow» – Tina Turner
  • «Age of Consent» – Ronnie Burns
  • «Always» – Cliff Richard
  • «Am I Fooling Myself» – Dan Hill
  • «Appeal» – Marty Rhone
  • «Bang Bang» – B.A. Robertson
  • «Carolina» – James Royal, Creation (NZ)
  • «Carrie» – Cliff Richard
  • «Cathy Come Home» – The Twilights
  • «Celestial Houses» – Cliff Richard
  • «Change of Heart» – Diana Ross
  • «Circus» – Lenny Kravitz
  • «Cities Mai Fall» – Cliff Richard
  • «Count Me Out» – Cliff Richard
  • «Devil Woman» – Cliff Richard
  • «Do What You Do» – Tina Turner
  • «Doing Fine» – Cliff Richard
  • «Don't Push Me to My Limit» – Vivienne McKone
  • «Don't Put Out The Flame» – Christie Allen
  • «Don't Talk» – Hank Marvin, Normie Rowe
  • «Everybody Move» – Cathy Dennis
  • «Fallin' in Luv» – Cliff Richard, Christie Allen (som «Falling in Love With Only You»)
  • «Free My Soul» – Cliff Richard
  • «Getting Away with Murder» – Meat Loaf, Randy Crawford, Patti Austin
  • «Give It Up (Old Habits)» – Hall & Oates
  • «Golden Days» – Bucks Fizz
  • «Goose Bumps» – Christie Allen
  • «Happy Ending» – The Peter Cupples Band
 
  • «Heart User» – Cliff Richard
  • «Heaven Help» – Lenny Kravitz
  • «He's My Number One» – Christie Allen
  • «Hold On» – Cliff Richard
  • «Hot Shot» – Cliff Richard
  • «How Can I Live Without Her» – Christopher Atkins
  • «I Bless The Day» – Mica Paris
  • «I Want You Near Me» – Tina Turner
  • «I Wish You'd Change Your Mind» – Cliff Richard
  • «If I Never See You Again» – Marti Pellow
  • «Jam Side Down» – Status Quo
  • «Joseph» – Quartet, Cliff Richard
  • «Just Good Friends» – Michael Jackson og Stevie Wonder
  • «Knocked It Off» – B.A. Robertson
  • «Language of Love» – Cliff Richard
  • «Love Make Me Strong» – Olivia Newton-John
  • «Magic Rhythm» – Christie Allen
  • «Michael Alexander» – The Cliffmores
  • «Must Be Love» – Cliff Richard
  • «My Luck Won't Change» – Cliff Richard
  • «Never Say Die (Give a Little Bit More)» – Cliff Richard
  • «No One Can Love You More Than Me» – The Weather Girls, Melissa Manchester
  • «Now» – Quartet
  • «Old Habits Die Hard» – Dusty Springfield
  • «Once in a Lifetime Love» – Carl Anderson
  • «One Times, Two Times, Three Times, Four» – Zoot[20]
  • «Rain, Tax (It's Inevitable)» – Celine Dion
  • «Sailing» – Zoot
  • «Sci-fi» – Cliff Richard
  • «See How The Love Goes» – The Pointer Sisters
 
  • «She's Trouble» – Musical Youth
  • «Show Some Respect» – Tina Turner
  • «Something Beautiful Remains» – Tina Turner
  • «Soul Inspiration» – Anita Baker
  • «Spider Man» – Cliff Richard
  • «Stay Awhile» – Tina Turner
  • «Storm Warning» – Bonnie Raitt, Bob James
  • «Straight to the Heart» – Crystal Gayle
  • «Takes a Woman to Know» – Lisa Stansfield, No Angels
  • «The Best is Yet to Come» – Marilyn Martin, Luba
  • «The Golden Days are Over» – Cliff Richard
  • «The Radio Was Playing Johnny Come Lately» – Colin Blunstone
  • «The Trouble with Me is You» – Hank Marvin
  • «Till The Right Man Comes Along» – Tina Turner
  • «Toughen Up» – Olivia Newton-John
  • «Twiddle-e-dee» – The Avengers
  • «Two People» – Tina Turner
  • «Typical Male» – Tina Turner
  • «Under Fire» – Jackie
  • «Walking in the Light» – Cliff Richard
  • «We Don't Need Another Hero» – Tina Turner
  • «We Got All Night» – America
  • «We Got Love» – The Real Thing
  • «What You Get Is What You See» – Tina Turner
  • «What's Love Got to Do with It» – Tina Turner, Bucks Fizz
  • «While She's Young» – Cliff Richard
  • «Willpower» – Taylor Dayne
  • «Yes He Lives» – Cliff Richard
  • «You Belong To Me» – Anita Baker
  • «You Got Me Wondering» – Cliff Richard
  • «You Know That I Love You» – Cliff Richard

[3]

Remove ads

Filmar

Britten har òg skrive musikk til filmar:[21]

  • The Pirate Movie – 1982
  • The Jewel of the Nile – 1985
  • 9½ Weeks – 1986
  • The Taking of Beverly Hills – 1991
  • What's Love Got to Do with It – 1993

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads