The Captain and Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Captain and Me er det tredje studioalbumet av den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 2. mars 1973 på Warner Bros. Records. Det inneheld somme av dei mest populære hittane deira, «Long Train Runnin'», «China Grove» og «Without You». Albumet selde til 2× platinaplate i USA.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart stemt fram til 835. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[8]

Remove ads

Innspeling og innhald

Bandet hadde press på seg om å halde momentet frå den førre plata gåande og for å spare tid byrja dei å omarbeide gamle melodiar. Ein av songane til Tom Johnston, «Osborn», hadde vore eit improvisasjonsstykke bandet spelte på scenen. Produsenten Ted Templeman sa at etter dei hadde spelt inn sporet «så hadde med enno ikkje fått det heilt til, og eg sa 'Lag songen om eit tog, sidan du har denne greia om Miss Lucy down along the track. Så han kom opp med 'Long Train Runnin'.»

Det vart nytta synthesizerar og strykarar på innspelinga. Synth-programmerarane Malcolm Cecil og Robert Margouleff vart henta inn som teknikarar på opningssporet «Natural Thing». Dei prøvd å få ein liknande synth-lyd som The Beatles hadde nytta på «Being for the Benefit of Mr. Kite!», og dei la individuelle notar spor for spor for å skape akkordane på mellomspelet i songen.[9]

«Dark Eyed Cajun Woman» var eit bluesaktig spor og vart av Johnston rekna som ein hyllest til bluesen og B.B. King. «South City Midnight Lady» handla ikkje om ei spesifikk kvinne, sjølv om han handla om South San Francisco. Jeff Baxter frå Steely Dan spelte pedalsteelgitar på sporet. Han vart seinare offisielt medlem i bandet i 1974. Cecil og Margouleff skapte òg synthesizereffekten av ei kviskrande kvinne mot slutten.[9]

«Clear as the Driven Snow», i følgje Johnston, er ei åtvaring om dopmisbruk, som var slik livsstilen til bandet var på denne tida.[9]

Den andre sida av albumet opnar med rockesongen «Without You». Denne songen, som mange av dei andre, byrja som ein jam. Jonston sa: «Begge trommisane spelte på denne songen samstundes. Det var ein slags hyllest til The Who. Me spelte den i ganske lang tid på konsertane deira.»

Det korte sologitarstykket til Patrick Simmons, «Busted Down Around O'Connelley Corners» glir inn i «Ukiah», som Johnston skreiv som ein hyllest til området. Johnston sa «Me spelte eit par konsertar i Ukiah, og eg brukte å campe mykje i området då eg gjekk på college.» Tanken i songen om å dra attende til landsbygda reflekterte òg tankane han spå denne tida, men han innrømde at han truleg ikkje ville klart seg som bonde. Dette sporet glir over i avslutnings- og tittelsporet på albumet, «The Captain and Me». I følgje Johnston er ikkje kapteinen ein spesifikk person og teksten vart skriven i siste augneblink og har ikkje eigentleg noko meining. Songen kom ut på singel i Nederland og vart ein del spelt på radio der.

Remove ads

Kringlydutgåve

Albumet vart opphavleg gjeve ut i kvadrofonisk lyd på CD-4 Quadradisc-systemet og på 8-spors lydband. Albumet kom òg ut i 2002 i ei nymiksa 5.1-utgåve på DVD-Audio,[10] og 14. september 2011, på ein hybrid stereo-fleirkanals Super Audio CD av Warner Japan i The Warner Premium Sound-serien deira.[11]

Plateomslag

Plateomslag syner bandet både på fram- og baksida, inkludert manageren Bruce Cohn, kledd i 1800-tals westernkostyme og ridande med hest og kjerre under ein uferdig motorveg. Tom Johnston sa «Alt det der kom frå filmstudioet til Warner Bros. Det må ha vore mykje arbeid for dei som skaffa hesten, vogna og kleda. Det var moro. Dei hadde kister der ute, alle slags sprø ting.» Fotografia vart tekne av Michael og Jill Maggid ved Newhall Pass-krysset mellom Interstate 5 og California State Route 14 nær Sylmar i California som kollapsa under San Fernando-jordskjelvet i 1971. Den same delen av motorvegen kollapsa under Northridge-jordskjelvet i 1994.[9]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Doobie Brothers:

Andre musikarar:

  • Bill Paynepiano på «China Grove», «South City Midnight Lady» og «Ukiah», orgel på «Without You», elektrisk piano på «Dark Eyed Cajun Woman»[12]
  • Jeffrey 'Skunk' Baxterpedalsteelgitar på «South City Midnight Lady»
  • Ted Templeman – perkusjon
  • Nick DeCaro – strykearrangement på «Dark Eyed Cajun Woman», «South City Midnight Lady» og «Evil Woman»
  • Malcolm Cecil, Robert MargouleffARP-synthesizerprogrammering på «Natural Thing», «Clear as the Driven Snow», «South City Midnight Lady» og «Ukiah»
Remove ads

Produksjon

  • Produsent: Ted Templeman
  • Produksjonskoordinasjon: Benita Brazier
  • Lydteknikar: Donn Landee
  • Design: John Casado, Barbara Casado
  • Fotografi: Michael Maggid, Jill Maggid
  • Kunstnarisk leiar: Ed Thrasher

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads