What Were Once Vices Are Now Habits
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
What Were Once Vices Are Now Habits er det fjerde studioalbumet av den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve den 1. februar 1974 på Warner Bros. Records.
Remove ads
Innspeling og innhald
Tom Johnston-songen «Another Park, Another Sunday» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Johnston sa «Det er om å miste ei jente. Eg skreiv akkordane og spelte han på akustisk gitar, og så hadde Ted [Templeman] somme idear, som å la den akustiske gitaren gå gjennom ein Leslie.» Songen gjorde det moderat på singellista og nådde 32. plassen.
Den andre singelen frå albumet var «Eyes of Silver», ein annan Johnston-song. I følgje Johnston: «Teksten var ikkje akkurat spektakulær. Eg skreiv dei ti minuttar før.» Songen hadde heller ikkje stor suksess på singellista og nådde berre 52. plassen. I eit forsøk på eit betre resultat gav Warner Brothers ut den første singelen deira på ny, «Nobody», med ein instrumental av Tiran Porter som B-sida, «Flying Cloud». Denne utgjevinga hamna i skuggen då radiostasjonar oppdaga «Black Water». Andre stasjonar heiv seg med og songen vart offisielt gjeven ut på singel. Han selde over ein million eksemplar og vart den første singelen til The Doobie Brothers som gjekk til topps på singellista.[7] «Black Water» var komen ut som B-sida på singelen «Another Park, Another Sunday» åtte månadar tidlegare.
Remove ads
Plateomslag
Den uvanlege typografien på albumet vart føreslått av trommeslagaren John Hartman etter å ha vitja skulen han gjekk på, J.E.B. Stuart i Falls Church i Virginia. Skuleavisa Raiders Digest hadde nettopp endra avislogoen med liknande skrifttype. Fotografiet vart teken av Dan Fong under ein konsert den 4. desember 1973 i E.A. Diddle Arena i Western Kentucky University i Bowling Green i Kentucky. Han tok òg fotografiet på omslaget av albumet deira Takin' It to the Streets.
Remove ads
Innhald
Medverkande
The Doobie Brothers:
- Tom Johnston – akustisk og elektrisk gitar, solo- og korvokal
- Patrick Simmons – akustisk og elektrisk gitar, solo- og korvokal
- Tiran Porter – bass, korvokal
- John (Little John) Hartman – trommer, perkusjon
- Michael Hossack – trommer
Andre musikarar:
- Keith Knudsen – korvokal
- Jeff «Skunk» Baxter – pedalsteelgitar på «Tell Me What You Want»
- Bill Payne – orgel på «Song to See You Through» og «Eyes of Silver», piano på «Pursuit on 53rd St.», clavinet på «You Just Can't Stop It», synthesizer på «Flying Cloud»
- James Booker – piano på «Down In The Track»
- Arlo Guthrie – autoharpe på «Black Water»
- Eddie Guzman – conga på «Road Angel», «You Just Can't Stop It» og «Daughters of the Sea», timbales på «Daughters of the Sea» og ymse andre perkusjonsinstrument.
- Milt Holland – tabla på «Tell Me What You Want», vibrafon på «Black Water», «Tell Me What You Want» og «Another Park, Another Sunday», marimba på «Daughters of the Sea», pandeiro og ymse andre perkusjonsinstrument.
- The Memphis Horns - horn på «Song to See You Through», «Eyes of Silver» og «You Just Can't Stop It»
- Wayne Jackson – trompet
- Andrew Love – tenorsaksofon
- James Mitchell – barytonsaksofon
- Jack Hale – trombone
- Novi Novog – bratsj på «Spirit» og «Black Water»
- Ted Templeman – ekstra perkusjon
Remove ads
Produksjon
- Produsent: Ted Templeman
- Produksjonskoordinasjon: Benita Brazier, The Doobie Brothers
- Lydteknikar: Donn Landee, Lee Herschberg
- Mastering: Lee Herschberg
- Blåsararrangement: Andrew Love and Wayne Jackson with the Memphis Horns
- Design og kunstnarisk leiar: Chas Barbour
- Fotografi: Dan Fong
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads