The Lucky One av Uku Suviste
song frå 2021 med Uku Suviste From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Lucky One» er ein popballade med den estiske songaren Uku Suviste. Songen vart utgjeven 7. desember 2020 og er skriven av den greske låtskrivaren Dimitris Kontopoulos og tekstforfattaren Sharon Vaughn, som begge står bak fleire bidrag til Eurovision Song Contest.[1][2] «The Lucky One» vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2021 og var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]
Remove ads
Om songen
Suviste vann Eesti Laul 2020 med songen «What Love Is» og skulle ha representert Estland i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Den estiske kringkastaren ERR tilbaud i staden Suviste ein plass i semifinalen i Eesti Laul 2021.[4] Vinteren 2020 kunngjorde ERR at Suviste skulle delta med låten «The Lucky One», skriven av Dimitris Kontopoulos og Sharon Vaughn. Både låten og ein tilhøyrande musikkvideo vart slopne 7. desember 2020.[5]
«The Lucky One» avanserte frå semifinalen og var ein av tolv deltakarar i finalen i Saku Suurhall i Tallinn laurdag 6. mars 2021.[6] I superfinalen fekk «The Lucky One» flest røyster frå publikum og vann finalen. Songen vart dimed det estiske bidrag i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[7]
Eurovision Song Contest
Estland vart trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2021.[8] Semifinalen vart arrangert i Ahoy Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. «The Lucky One» kom på 13. plass i semifinalen og gjekk dimed ikkje vidare til finalen laurdag 22. mai.[9]
Remove ads
Utgjevingshistorikk
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads