Thela Hun Ginjeet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thela Hun Ginjeet er ein song av bandet King Crimson som kom ut i 1981 på albumet Discipline. Songen vart òg gjeven ut som singel med «Elephant Talk» som B-side. Tittelen på songen er eit anagram av «heat in the jungle», som er ein referanse til kriminalitet i byen. Songen er skriven av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.
Medan dei fleste av instrumenta spelar i 4/4-takt, spelar Robert Fripp på elektrisk gitar i 7/8-takt i delar av songen, og skapar slik ein uvanleg effekt. I midten av songen kan ein høyre eit stemmeopptak. Dette er Adrian Belew som snakkar om ei oppleving då han vart plaga av rastafariar i London og politiet, medan han prøvde å få opptak til songen ute i gata.[1]
Det vart òg gjevne ut ein 12"-versjon av singelen med ein «dance mix» av songen, og songen «Indispline» i tillegg til «Elephant Talk».
Remove ads
Andre versjonar
- Les Claypool-bandet Les Claypool's Fearless Flying Frog Brigade spelte songen på albumet Live Frogs Set 1 og fleire gonger på konsertar.
Medverkande
- Robert Fripp - gitar
- Adrian Belew - gitar, vokal
- Tony Levin - bassgitar, Chapman stick, vokal
- Bill Bruford - trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads