Sympathy for the Devil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sympathy for the Devil» er ein song av The Rolling Stones som opnar albumet Beggars Banquet frå 1968. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 32. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Meir informasjon The Rolling Stones-kronologi ...

Please allow me to introduce myself
I’m a man of wealth and taste
I’ve been around for a long long year stolen many man’s soul and faith
I was around when Jesus Christ had His moment of doubt and pain
Made damn sure that Pilate washed his hands and sealed His fate
Pleased to meet you hope you guess my name
But what's puzzling you is the nature of my game

Mick Jagger
Remove ads

Inspirasjon

«Sympathy for the Devil» var tilskriven vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards, men vart i stor grad skriven av Jagger.[1] I eit intervju i 1995 meinte Jagger at det var ein gammal ide frå Baudelaire, men at han skreiv songen som ein Bob Dylan-song.[1] Visse delar av teksten er særs lik passasjar i romanen Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov.[2] Det var Richards som føreslo å endre tempoet og legge på ekstra perkusjon.[2][3]

Arbeidstittelen for songen var «The Devil Is My Name» og songen vert sungen av Jagger i førsteperson:[4]

« Please allow me to introduce myself, I’m a man of wealth and taste  »

Desse opningslinjene er ein direkte inspirasjon frå opninga av Mesteren og Margarita med linja «'Unnskyld meg,' sa han med utenlandsk aksent, 'unnskyld at jeg, uten å være presentert, tillater meg …'»

Med eit intenst rockearrangement fortel forteljaren med isande narsissistisk velbehag, om gjerningane sine gjennom historia og åtvarar lyttaren: «If you meet me, have some courtesy, have some sympathy and some taste; use all your well-learned politesse, or I’ll lay your soul to waste.»

Beggars Banquet kom ut hadde the Rolling Stones alt laga rabalder med seksuelt direkte tekstar som «Let’s Spend the Night Together»[5] og fått skuldingar for å drive med satanisme[2] (det førre albumet deira heitte Their Satanic Majesties Request) og «Sympathy» brakte all denne uroa fram i lyset med rykte i media og religiøse grupper som frykta at The Rolling Stones var djeveldyrkarar med særs dårleg påverknad på ungdommen.[2] Teksten fokuserer derimot på det grufulle menneske har gjort gjennom historia, mellom anna krosstoga («I watched with glee while your kings and queens fought for ten decades for the Gods they made»), valden under den russiske oktoberrevolusjonen i 1917, og massakren i 1918 av Romanov-familien («I stuck around St. Petersburg when I saw it was a time for a change, killed the Tsar and his ministers – Anastasia screamed in vain») og den andre verdskrigen («I rode a tank, held a general’s rank when the Blitzkrieg raged and the bodies stank»).[6] Teksten viser òg til morda på John og Robert Kennedy. Innspelinga av songen var i gang då sistnemnde vart myrda og teksten vart endra frå «who killed Kennedy?» til «who killed the Kennedys?»

Songen kan ha ført til enno meir kontrovers då den første singelen frå albumet, «Street Fighting Man», vart enno meir kontroversiell etter raseopptøyane i USA og studentprotestane som oppstod i mange amerikanske byar.[7]

Remove ads

Innspeling

Innspelinga av «Sympathy for the Devil» starta i Olympic Sound Studios i London den 4. juni 1968 og heldt fram dagen etter. Fleire spor vart lagt oppå 8.–10. juni.[8] Medverkande på innspelinga var Nicky Hopkins på piano; Rocky Dijoncongatrommer; Bill Wymanmaracas. Richards spelte bass og den elektriske gitarsoloen.

Jagger fortel i Rolling Stone: «Songen har ein hypnotisk rytme, ein samba, med ei særs hypnotisk kraft. Songen går ikkje raskare eller treigare. Han har denne konstante rytmen. I tillegg er den sambarytmen god å synge oppå, men han har òg nokre antydingar, ei slags kjensle av å vere primitiv – fordi det er ein primitiv afrikansk, søramerikansk, afro-eitt-eller-anna-rytme candomblé. Så for kvite folk har han ei skummel kjensle.»[1]

Remove ads

Medverkande

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Ettermæle

Jagger var overraska av at folk fekk inntrykk av dei var djeveldyrkarar etter berre ein song, og at folk altfor lett får denne oppfatninga, noko ein ser igjen i mange heavy metal-band i dag.[2]

Om den offentlege mottakinga sa Richards i 1971: «Før var vi berre uskuldige ungdommar som ville ha det kjekt, men no seier dei, 'Dei er onde, dei er onde'. Javel, er eg verkeleg ond? Det får ein til å tenke på ondskap, kva er det eigentleg? Eg er ikkje så sikker på om folk trur Mick er djevelen eller berre ein god rockeartist eller kva. Det finst svartkunstnarar som trur at vi er representantar for Lucifer og andre som trur at vi er Lucifer. Alle er Lucifer.»[11]

Det har vore ei feilaktig mistyding at det var «Sympathy for the Devil» som vart spelt då Meredith Hunger vart drepen under ein konsert av The Rolling Stones ved Altamont, medan songen var «Under My Thumb».[2]

Songen har elles vorte mykje spelt på konsertar opp gjennom åra og er gjeven ut på konsertalbuma The Rolling Stones Rock and Roll Circus, Get Yer Ya-Ya’s Out!, Love You Live, Flashpoint og Shine a Light.

Studioutgåva finst på samlealbuma Hot Rocks og Forty Licks.

Remove ads

Guns 'n Roses-versjonen

Meir informasjon Guns N’ Roses-kronologi ...

Guns N' Roses spelte inn ein versjon i 1994 som nådde 55. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart nytta under rulleteksten til Neil Jordan-filmen Interview with the Vampire og kom ut på Greatest Hits-albumet deira. Songen vart spelt inn medan bandet var i ferd med å oppløysast, og Slash har skildra versjonen som «lyden av eit band som går mot slutten».[12]

Medverkande

  • W. Axl Rose  solovokal, piano
  • Slash  solo- og rytmegitar
  • Duff McKagan  bassgitar, korvokal
  • Matt Sorum  trommer, perkusjon
  • Dizzy Reed  klaverinstrument
  • Paul Tobias  rytme- og sologitar, korvokal

Salslister

Meir informasjon Liste (1994–1995), Plassering ...
Remove ads

Andre utgåver

Mange har spelt songen i ettertid, mellom andre Bryan Ferry, Jane's Addiction, Blood, Sweat & Tears, Electric Hellfire Club, Tiamat, Sandie Shaw, Skrew, Ozzy Osbourne, The Residents og Guns N’ Roses. Sistnemnde gav songen ut på singel i 1994, og han nådde 55. plass på den amerikanske singellista.

Mange har òg spelt songen på konsertar, som Natalie Merchant, Pearl Jam, Bon Jovi og U2 (utdrag).

Remiks

I september 2003 gav ABKCO Records ut ein remix-singel av songen med remiksar av The Neptunes, Fatboy Slim og Full Phatt.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads