Thiago Braz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thiago Braz da Silva (fødd 16. desember 1993) er ein brasiliansk stavhoppar som vart olympisk meister i øvinga då Sommar-OL 2016 fann stad i heimlandet hans.
Remove ads
Aktiv
Braz vann søramerika-meisterskapen 2013 med personbeste 5,83 m. Sommaren 2015 forbetra han rekorden til 5,92 meter ved eit stemne i Baku i Aserbajdsjan. Under Sommar-OL 2016 på heimebane var han og verdsrekordhaldar Renaud Lavillenie dei einaste som svinga seg over 5,93 m. Då Lavillenie hoppa over 5,98 m i fyrste forsøk, valde Braz å vente til lista låg på 6,03 meter. I sitt andre forsøk på denne høgda smaug han seg over lista, sette ny olympisk rekord og vann OL-gull. Etter femteplass i VM 2019, lukkast Braz å vinne bronsen i stavhopp-tevlinga då dei olympiske leikane endeleg kom i stand i 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (5,40 m=nr 14)
- VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (5,65 m=nr 19)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 6,03 m, framom Renaud Lavillenie (5,98 m)
- VM 2019 i Doha: Nr 5 – 5,70 m
- OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 5,87 m
- VM 2022 i Eugene: Nr 4 – 5,87 m
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Thiago Braz» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2022.
- «Thiago Braz» (på engelsk). Olympedia. Henta 19. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads