Tom Bailey
engelsk songar, låtskrivar, komponist, musikar og plateprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thomas Alexander Bailey (fødd 18. januar 1954) er ein engelsk songar, låtskrivar, komponist, musikar og plateprodusent. Bailey vart kjend tidleg i 1980-åra som songar i new wave-bandet Thompson Twins, som gav ut fem hitsinglar i Storbritannai i 1980-åra: «Love On Your Side», «We Are Detective», «Hold Me Now», «Doctor! Doctor!» og «You Take Me Up». Frå 1994 var Bailey òg medlem i ei seinare utgåve av Babble, og gav ut to studioalbum som selde dårleg.
Han har i seinare år arbeidd med filmmusikk. Han spelar og framfører dub-musikk under namnet International Observer og indisk-fusion-musikk med The Holiwater Project.
Remove ads
Diskografi
Soloalbum
- Science Fiction (2018)
med Thompson Twins
- A Product of ... (Participation) (1981)
- Set (1982)
- Quick Step and Side Kick (1983)
- Into the Gap (1984)
- Here's to Future Days (1985)
- Close to the Bone (1987)
- Big Trash (1989)
- Queer (1991)
med Babble
- The Stone (1994)
- Ether (1996)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads