Tom Levorstad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tom Levorstad (fødd 5. juli 1957) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Kråkstad Idrettslag. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging i Oberstdorf i 1981. Same sesongen fekk han sølv under NM i stor bakke, bak Roger Ruud.
Remove ads
Karriere
Levorstad gjorde det relativt sett best i store hoppbakkar. Ti gongar var han mellom dei ti beste i verdenscuprenn, og heile ni av desse var i storbakkerenn. Beste verdscupplasseringa var ein tredjeplass i St. Nizier i Frankrike i februar 1980. I den første sesongen med verdscup, 1979/80, kom Levorstad på 12. plass totalt. Same sesongen hoppa han 105 m og sette bakkerekord i Holmenkollbakken.
Levorstads største prestasjon var bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i 1981, der han berre hadde finnen Jari Puikkonen og austerrikaren Armin Kogler framom seg på resultatlista.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1980: Tredjeplass i St. Nizier
- 1981: Bronsemedalje under verdsmeiesterskapen i skiflyging i Oberstdorf
- 1982: Nr 14 i Lahti
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 1978: Nr 7 i både normalbakken på Konnerud og i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 1979: Nr 6 i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1980: Nr 7 i normalbakken i Asker
- Ski-NM 1981: Sølvmedalje i storbakken på Odnes
- Ski-NM 1982: Nr 7 i både normalbakken på Raufoss og i storbakken på Rena
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- Tom Levorstad i fis-ski.com
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads