Torunn

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Torunn er ei eit kvinnenamn med opphav i det norrøne namnet Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.

«Torun» omdirigerer hit. For byen i Polen, sjå Toruń.

Namnet var nesten ikkje bruke i Noreg på 1800-talet, derimot var mange målføreformer, som Taran (Buskerud, Telemark), Tøran (Oppland) og Tåren (Rogaland) utbreidde.

På 1900-talet vart forma Torunn meir populær, med ein topp på 1950-talet.

I Noreg har Torunn namnedag 23. februar.

Remove ads

Bruken av namnet i Noreg

I folketeljinga i 1801 var det ingen som hadde namn som byrja på Torun.

I teljinga frå 1900 var det 13 kvinner som vart manntalsførte med namna Torunn, Torund eller Torun.

I 2008 var det nær 4 600 kvinner som hadde Torunn til første fornamn.

Kjende namneberarar

  • Torunn Ystaas (f. 1943), norsk forfattar
  • Torunn Lauvdal (f. 1947), professor og rektor ved Universitetet i Agder
  • Torunn Janbu (f. 1954), norsk kirurg, overlege og president i Den norske legeforening
  • Torunn Berge (f. 1956), norsk forfattar
  • Torun Lian (f. 1956), norsk forfattar og filmregisør
  • Torunn Borge (1960-2014), norsk forfattar og litteraturmeldar
  • Torun Eriksen (f. 1977), norsk jazzmusikar og tekstforfattar
  • Torunn Herje, norsk arkeolog
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads