Taran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Taran er eit personnamn som kan brukast av både kvinner og menn.
På norsk er Taran ei målføreform av kvinnenamnet Torunn, særleg bruka i Buskerud og Telemark. Namnet har opphav i norrønt Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.
Namnet er òg bruka som mannsnamn i fleire ulike tradisjonar. På sanskrit og avleidde språk tyder ordet 'himmel' eller 'fartøy', og er brukt som mannsnamn blant hinduar og sikhar. Namnet er også kjend blant tidlege britar; det var brukt av ein piktisk konge og er også kjend som eit gælisk namn. Namnet er avleidd frå toreguden Taranis. Det tyder 'tore' og er i slekt med dei nordiske namna Tor og Tore.
Remove ads
Bruken av namnet i Noreg
I folketeljinga i 1801 nær hundre manntalsførte med namnet Taran eller Tarand, 28 av desse budde i Ål i Hallingdal.
I teljinga frå 1900 var det 33 kvinner og ein mann som hadde dette namnet.[1]
I 2008 var det meir enn 150 kvinner og 8 menn som hadde Taran til første fornamn.
Kjende namneberarar
Kvinner
- Taran Anne Sæther
Menn
- Taran av piktarane (konge 692-696)
- Taran Adarsh (f. 1964), indisk filmkritikar og -makar
- Taran Killam (f. 1982), USA-amerikansk skodespelar
- Taran Noah Smith (f. 1984), USA-amerikansk skodespelar
Annan bruk
- Tarn Taran, heilag by for sikhar
- Taranpanth, djainistisk sekt grunnlagd av Taran Svami
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Taran hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads