Trachytt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trachytt er ein lys, finkorna lavabergart som i samansetnad svarar til djupbergarta syenitt. Han består vesentleg av alkalifeltspat med noko plagioklas og mørke mineral, som biotitt, hornblende eller pyroksen, eventuelt med glas. Det er atskillig variasjon i mineralinnhaldet frå kvartsførande til nefelinførande typar. Dei første går over i rhyolittar, dei siste i fonolittar.

Trachyttar er ofte porfyriske, med plater av feltspat som ligg parallelt (trachytt-tekstur). Nokre av rombeporfyra i Oslofeltet er trachytter. Trachyandesitt og trachybasalt inntar ein mellomstilling mellom høvesvis trachytt/andesitt og trachytt/basalt, og svarar såleis til latitt.
Remove ads
Kjelder
- Trachytt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/trachytt.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads